NRK Meny
Normal

Slik vil dei ha skulane i framtida

Fylkesrådmannen sitt forslag til politikarane er å leggje ned dei vidaregåande skulane Luster, Høyanger og Stryn.

Luster vidaregåande, Stryn vidaregåande og Høyanger vidaregåande

NEDLEGGING: Luster, Stryn og Høyanger vidaregåande skular er føreslått nedlagde i framlegget frå fylkesadministrasjonen.

Foto: Montasje: NRK

Fylkesrådmann Tore Eriksen var tydeleg prega av alvor då han la fram fylkesadministrasjonen sitt framlegg til korleis dei vidaregåande skulane i Sogn og Fjordane skal vere i framtida.

– Oppdraget vi har fått har vore veldig krevjande. Veldig krevjande fagleg, og det er mange ting som heng saman. Gjer du ein ting, skjer det noko anna ein anna plass, sa Eriksen før han byrja leggje fram skulebruksplanen.

Og det er ikkje utan grunn han forstår at innstillinga vil vekkje reaksjonar.

Fylkesadministrasjonen vil:

  • Leggje ned dei vidaregåande skulane i Luster, Høyanger og Stryn.
  • Mo og Jølster vidaregåande skule avdeling Jølster er også føreslått avvikla
  • Avvikle Hordalandsavtalen

Vil kunne spare 70 millionar kroner

Med forslaget vil ein kunne spare 70 millionar kroner. Det vil bli 390 elevar i snitt på kvar av dei resterande ti skulane, mot eit snitt på 325 i dag.

Dersom politikarane følgjer tilrådinga vil ein kunne leggje ned dei tre skulane allereie frå hausten 2014.

– Luster er den minste vidaregåande skulen vi har. Den ligg nær Sogndal og i same bu og arbeidsmarknad som Sogndal vidaregåande skule som er den største skulen i fylket, seier Eriksen om bakgrunnen for forslaget om å leggje ned denne skulen.

– Høyanger er også ein relativt liten skule, med vel 170 elevar. Både i fylkesmålestokk og i nasjonal målestokk er det ein liten skule. Stryn vidaregåande skule er noko større, og ligg mellom 250 og 300 elevar.

Samlar idrett og media på ein skule

Forslaget til administrasjonen vil betyr store strukturelle endringar for fleire av skulane. Dei legg opp til større spesialisering, og vil samle nokre tilbod på enkelte skular.

For mediefaga betyr det at ein flyttar tilbodet frå Firda vgs., Mo og Jølster avd. Vassenden og Sogndal, og samlar dette til ei fylkeslinje i Førde.

Dei legg også opp til det same for idrettsfag. Her vil ein flytte idrettsfag vekk frå Firda VGS og Florø VGS og samle tilbodet ved Sogndal vidaregåande.

– Tungt

Debatten om kva vidaregåande skular Sogn og Fjordane skal ha i framtida har rasa dei siste månadene. No går det mot slutten og politikarane fekk torsdag presentert fylkesadministrasjonen sitt framlegg.

Omtrent samtidig har tilsette på dagens 13 vidaregåande skular den same informasjonen. Og det er truleg mange som har blitt skuffa. Tre av dagens skular er nemleg føreslått nedlagde.

– Det er tungt å leggje fram noko som vil råke ein del tilsette. Og eg veit at også kommunar, næringsliv og organisasjonar vil reagere, seier Eriksen.

– Dette er ei stor og alvorleg sak, sa fylkesordførar Åshild Kjelsnes etter at framlegget var lagt fram.

Det er fylkestinget som skal ta endeleg stilling til framtida for skulane på fylkestinget 11. og 12. juni.

Slik vil dei organisere tilboda på skulane

Årdal vidaregåande skule blir vidareført med fylgjande tilbod:

  • studiespesialisering (vg1, vg2, vg3 og vg3 påbygging til generell studiekompetanse)
  • elektrofag (vg1, vg2 automatisering og vg3 automatiseringsfaget)
  • service og samferdsel (vg1 og vg2 sal, service og tryggleik)
  • teknikk og industriell produksjon (vg1, vg2 kjemiprosess og vg2 industriteknologi)

Sogndal vidaregåande skule blir vidareført med fylgjande tilbod:

  • studiespesialisering (vg1, vg2 og vg3)
  • bygg- og anleggsteknikk (vg1, vg2 byggteknikk og vg2 klima, energi og miljøteknikk)
  • elektrofag (vg1 og vg2 elenergi)
  • helse- og oppvekstfag (vg1, vg2 helsearbeidarfag og vg2 barne- og ungdomsarbeidar)
  • service og samferdsel (vg2 transport og logistikk)
  • teknikk og industriell produksjon (vg1 og vg2 køyretøy)
  • idrettsfag (vg1, vg2 og vg3)

Dale vidaregåande skule blir vidareført med fylgjande tilbod:

  • studiespesialisering (vg1, vg2, vg3 og vg3 påbygging til generell studiekompetanse)
  • helse- og oppvekstfag (vg1 og vg2 helsearbeidarfag)
  • teknikk og industriell produksjon (vg1 og vg2 industriteknologi)

Mo og Jølster vidaregåande skule blir vidareført med fylgjande tilbod:

  • bygg- og anleggsteknikk (vg1, vg2 anleggsteknikk og vg2 byggteknikk)
  • naturbruk (vg1 naturbruk, vg1 naturbruk med hest, vg2 heste- og hovslagarfag, vg2 landbruk og gartnarnæring, vg3 landbruk og vg3 studiespesialisering med naturbruk)
  • skulen endrar namn til Mo vidaregåande skule

Øyrane vidaregåande skule blir vidareført med fylgjande tilbod:

  • helse- og oppvekstfag (vg1, vg2 helsearbeidarfag, vg2 ambulansefag, vg2 barne- og ungdomsarbeidarfag og vg2 helseservicefag)
  • restaurant- og matfag (vg1 og kokk- og servitørfag)
  • service og samferdsel (vg1, vg2 sal, service og tryggleik og vg2 transport og logistikk)
  • teknikk og industriell produksjon (vg1, vg2 køyretøy og vg2 industriteknologi)
  • vg2 bilskade, lakk og karosseri vert nytt tilbod ved skulen om fylkesrådmannen finn løysingar saman med næringslivet/bransjen for den praktiske delen av opplæringa. Om ein ikkje får til slike løysingar blir det ikkje tilbod om vg2 bilskade, lakk og karosseri i eige fylke.

Hafstad vidaregåande skule blir vidareført med fylgjande tilbod:

  • studiespesialisering (vg1, vg2, vg3 og vg3 påbygging til generell studiekompetanse)
  • medium og kommunikasjon (vg1 og vg2)

Flora vidaregåande skule blir vidareført med fylgjande tilbod:

  • studiespesialisering (vg1, vg2 og vg3)
  • elektrofag (vg1, vg2 data og elektronikk og vg2 elenergi)
  • helse- og oppvekstfag (vg1 og vg2 helsearbeidarfag)
  • service og samferdsel (vg2 IKT-servicefag)
  • teknikk og industriell produksjon (vg1, vg2 brønnteknikk og vg2 industriteknologi)

Firda vidaregåande skule blir vidareført med fylgjande tilbod:

  • studiespesialisering (vg1, vg2, vg3 og vg3 påbygging til generell studiekompetanse)
  • musikk, dans og drama (vg1, vg2 musikk, vg2 dans, vg2 drama, vg3 musikk, vg3 dans og vg3 drama)

Eid vidaregåande skule blir vidareført med fylgjande tilbod:

  • studiespesialisering (vg1, vg2 og vg3)
  • studiespesialisering med formgjeving (vg1, vg2 og vg3)
  • bygg- og anleggsteknikk (vg1 og vg2 byggteknikk)
  • design og handverk (vg1, vg2 interiør og utstillingsdesign og vg2 frisør)
  • elektrofag (vg1, vg2 data og elektronikk, vg2 elenergi og vg3 dataelektronikarfaget)
  • service og samferdsel (vg1, vg2 sal, service og tryggleik og vg2 transport og logistikk)
  • teknikk og industriell produksjon (vg2 industriell møbelproduksjon)

Måløy vidaregåande skule blir vidareført med fylgjande tilbod:

  • studiespesialisering (vg1, vg2 og vg3)
  • helse- og oppvekstfag (vg1, vg2 helsearbeidarfag og vg2 barne- og ungdomsarbeidar)
  • naturbruk (vg1, vg2 akvakultur og vg2 fiske og fangst)
  • restaurant- og matfag (vg1 og kokk- og servitørfag)
  • teknikk og industriell produksjon (vg1, vg2 køyretøy, vg2 industriteknologi, vg2 maritime fag)
  • tekniske allmenne fag (TAF) blir vidareført som skildra i saksutgreiinga

Første hybridferje er på plass på Anda-Lote