Hopp til innhold

Slik vil DAT utkonkurrere Widerøe

Om næringslivet ønskjer det kan Danish Air Transport (DAT) vere tilbake i drift ved Florø lufthamn innan juni. Dei lovar lågare prisar og fleire avgangar.

DAT-fly på Florø Lufthamn

PÅ VEG TILBAKE: Om næringslivet vil ha dei, er danske DAT tilbake i Florø innan kort tid. Arkivfoto frå Florø lufthamn.

Foto: NRK

Torsdag kveld vart DAT presentert som aktuell flyaktør i Florø, under eit møte i Flora Industri- og næringsforening. DAT-direktør Jesper Rungholm la fram tilbod om ein prøveperiode på seks månader, men ikkje utan vilkår, og heller ikkje utan konsekvensar.

– Dei er tydelege på at det eigentleg ikkje er plass til meir enn eitt selskap. Dei går inn i konkurransen for å bli det selskapet som skal vere i Florø framover, seier foreiningsleiar Bjørn Hollevik.

Vil tilby fleire avgangar

Dermed er målet å skvise Widerøe ut frå flyplassen, som vart kommersialisert frå 1. april. Nøkkelen til eventuell suksess ligg hos næringslivet.

– Næringstrafikken betyr mykje, fordi den utgjer i overkant av 90 prosent av trafikken ved Florø lufthamn, seier Hollevik.

DAT-direktør Rungholm la på bordet eit tilbod om tre daglege avgangar til og frå Oslo, på morgonen, midt på dagen og på kvelden. I tillegg vil dei tilby ein tur-retur til Bergen midt på dagen.

Hollevik seier desse avgangane vil sikre betre reisevilkår for både næringsliv og private, også for folk i Bremanger og Vågsøy som vil kunne nå morgonflyet.

Florø Lufthamn-inngang

WIDERØE KAN FÅ KAMP: Flyselskapet DAT er klare på at det berre er plass til eitt selskap i Florø, der Widerøe regjerer i dag.

Foto: Ottar Starheim / NRK

Lovar lågare prisar mot lojalitet

Men skal DAT levere tenester, krev dei lojalitet frå næringslivet. Hollevik meiner det vil løne seg.

– Det prisnivået vi er nede på no ligg eit par tusen kroner, tur-retur, under maksprisane til Widerøe, seier Hollevik.

Også privatreisande vil få eit betre tilbod, meiner næringslivsmannen og politikaren.

– Dei har fly som tek seks-sju personar meir enn Widerøe-flya, og dei ønskjer å fylle dei med privatreisande, og køyre ulike faste kampanjar der ein får seteprisar på 399 til 599 kroner, uansett om ein bestiller tidleg eller seint.

Kan vere i drift innan juni

Fredag skal DAT ha møte med representantar frå bedrifter frå heile regionen. Målet er å forhandle fram avtalar, som eventuelt blir signert den komande veka.

Næringslivet har fått ei til to veker på å bestemme seg, og får DAT klarsignal kan dei vere i drift ved Florø lufthamn allereie etter ein månad.

– Det er altså næringslivet sjølv som no må avgjere framtida. Er dei ikkje lojale, så er vi tilbake til det prisregimet vi har hatt sidan 1. april, seier Hollevik, som har trua på at DAT er på veg tilbake.

– Det var nokre rundt bordet som sa at Florø-sjela er eit samansett omgrep, men at i ein flik av den så ligg DAT for den tida dei var her sist.