Hopp til innhold

Slik vil butikkane bidra til mindre plast

FØRDE (NRK): Stadig fleire klesbutikkar tek betalt for plastposane sine. – Eit av mange tiltak for å redusere mengda plastavfall i verda, meiner Naturvernforbundet.

No er det blitt meir og meir vanleg for klesbutikkane å ta betalt for poser.

NO MÅ DU BETALE FOR POSEN: Du er gjerne van med å betale for pose når du handlar matvarer, men no må du også betale når du handlar klede. Foto/redigering: Johan Moen/NRK.

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

– Det er kjempebra at klesbutikkane tek betalt for plastposar. Det er så mykje plast i verda, og det øydelegg for dyra i havet, seier Lone Stang Alden frå Florø.

På eit av dei store handelshusa i Førde hastar folk rundt med handleposar i begge armane denne helga. Fleire NRK snakkar med har lagt merke til at dei no må betale for posane dei før fekk gratis.

– Det er veldig viktig at vi set fokus på dette slik at vi kan få ned plastforbruket, seier Kari Espeset Bengtsson.

Magesekken til avlivet gåsenebbhval

PROPPFULL: Over 30 plastposar og store mengder mikroplast vart i februar i fjor henta ut av magesekken til den sjuke og avliva gåsenebbkvalen.

Foto: Christoph Noever / Universitetet i Bergen

Fann 30 plastposar i magen på kval

Dei sjokkerande bileta av gåsenebbkvalen som vart funnen utanfor Bergen i fjor vinter gjekk verda rundt. Då forskarane opna opp magesekken på kvalen fann dei 30 plastposar og store mengder plast.

– Dette syner berre kor stort problemet er, sa zoolog Terje Lislevand til NRK den gong.

Plastforsøpling vart eit heitt tema i månadane som følgde. Mange fekk seg ein vekkar, og i løpet av året har frivillige plukka over 1000 tonn med søppel.

Dei aller fleste er positive

Ajan Hassar på Lindex i Førde

HANDLENETT: Ajan Hassar hos Lindex seier dei som ein del av sin kampanje også oppmodar kundane sine om å kjøpe handlenett som dei kan bruke om att fleire gonger.

Foto: Johan Moen / NRK
Birgitte Ask Nordnes på Bik Bok i Førde

VIL SPARE MILJØET: Birgitte Ask Nordnes ved Bik Bok i Førde seier plastposane dei no sel for to kroner er resirkulerbare.

Foto: Johan Moen / NRK

Også hos butikkjedene er det tydeleg at plastforsøpling har stått på agendaen. Store kjeder som H&M, Kappahl og Lindex har blant anna lansert ein eigen kampanje for å redusere forbruket av posar og gjere folk meir bevisste. Dei lovar at overskotet skal gå til tiltak innan miljø eller sosial bærekraft.

I kassa på Lindex i Førde står Ajal Hassar.

– Vi tar no to kroner betalt for posane våre, og vi opplever at kundane ser på det som positivt.

Også hos Bik Bok er kundane stort sett positive til å betale to kroner for ein plastpose.

– Personleg synest eg det er kjempebra. Men enkelte meiner det er for dyrt, eller at vi ikkje burde ta betalt i det heile teke, seier butikkmedarbeidar Birgitte Ask Nordnes.

Tommel opp frå Naturvernforbundet

Johanne Sæther Houge

ALLE MONER DREG: Seier Johanne Sæther Houge i Naturvernforbundet.

Foto: Kirsti Haga Honningsøy / NRK

Fleire handlande NRK snakkar med er skeptiske til å betale for plastposar, og meiner det er ei unødvendig avgift når ein allereie betaler for ei anna vare.

I Naturvernforbundet har dei derimot stor tru på at det å betale for plastposar kan få ned mengda plastavfall.

– Erfaringa frå andre land som har innført avgift eller auka pris på plastposar, er at dette har redusert avfallsmengda med plast, seier rådgjevar i forbundet, Johanne Sæther Houge.

Når det blir rydda i naturen og i havet er plastposar noko det blir funne ein del av. Sæther Houge viser til at matvarebransjen har varsla auka pris på plastposar, og trur summen av tiltak vil syne att.

– Håpet er at vi i løpet av 2018 begynner å sjå ein kraftig reduksjon i talet på plastposar i Norge.