Hopp til innhold

Slik vert meieritomta

I dag presenterte Førde kommune, Fylkeskommunen og Futurum forslaga frå fire arkitektfirma til utforming av den gamle meieri-tomta i Førde sentrum.

Meieritomta i Førde.

Dei fire arkitektfirma er Arki frå Førde i samarbeid med Bergens-firma Origo.

Meieritomta i Førde.

Vidare Link arkitektfirma frå Bergen, C.F.Møller som er dansk med avdeling i Oslo, og til slutt Dyrvik arkitekter og Morten Løvseth - eit Oslofirma.

Kunstmuseum

Det er gruppa Futurum i Førde som har kjøpt tomta og som drøymer om eit statusbygg eller kanskje eit landemerke på fylkets mest sentrale og attraktive næringstomt. Og nokre av forslaga er meir landemerke enn dei andre. Sentralt på området blir kunstmuseum til 50 millionar kroner - som dei fleste forslaga har plassert nær lyskrysset der mjølkebaren var og parkeringsplassen er i dag. Vidare bortover i retning handelshusa kjem ulike forslag til servicebygg med busstadeiningar i etasjane over.

Det er førebels ukjent kva firma som står bak dei ulike forslaga. Ein jury skal no plukke ut ein vinnar, og deretter startar arbeidet med realiseringa av prosjektet.