Hopp til innhold

Slik vernar du borna på internett

Din kunnskap er vegen til trygg internettbruk for borna dine. Her får du gode råd.

Born framfor datamaskin

TRYGG NETTBRUK: Foreldre må engasjere seg i nettbruken til borna, men born må også få prøve og feile på eiga hand, meiner Helle Jacobsen.

Foto: Illustrasjonsfoto: / Scanpix

– Foreldre og born må skape gode nettvanar saman, seier Helle Jacobsen i Trygg bruk-prosjektet til Medietilsynet.

14-åring misbrukt på nettet

Tenåringsjente på internett

Ei 14-år gamal jente frå Hordaland la ut nakenbilete av seg sjølv på nettet etter å ha blitt oppmoda om det av ein mann i 20-åra frå Sogn og Fjordane. Det var foreldra til jenta som melde saka til politiet etter at dei oppdaga kva som skjedde mellom dei to på chattekanalen MSN

Foto: colourbox.com / colourbox.com

Det finst fleire saker der unge har lagt ut bilete av seg sjølve, eller informasjon om kven dei er og kvar dei bur som har fått store konsekvensar.

Seinast denne veka kom det fram at ei 14-år gamal jente frå Hordaland vart seksuelt misbrukt på chatteprogrammet MSN av ein mann i 20-åra frå Sogn og Fjordane. Mannen står no tiltalt for overgrepa.

– Han har fått eit barn under 16 år til å utføre seksuelle handlingar med seg sjølv via internett, seier politiadvokat Knut Broberg.

Kan gje psykiske plager

Politiadvokaten seier at overgrep over internett kan medføre psykiske problem på lik linje med eit fysisk overgrep.

– Ein av foreldra oppdaga kva som hadde skjedd og kva slags kontakt barnet hadde hatt med denne mannen via internett. Dei tok då kontakt med politiet, seier Broberg.

Vaksne må på bana

Politiadvokat Knut Broberg.

Politiadvokat Knut Broberg seier at overgrep over internett kan medføre psykiske problem på lik linje med eit fysisk overgrep.

Foto: NRK

– Dei vaksne er mindre på bana enn vi gjerne skulle sett. Foreldre må i større grad involvere seg for å kunne ta avgjerder om internettbruken til borna, seier Jacobsen i Trygg bruk-prosjektet til Medietilsynet..

Ho.er redd for at foreldre tek for strenge avgjerder om nettbruk på grunnlag av frykt eller lite informasjon.

– Unngå overvaking

Sjølv om det finnast programvare som foreldre kan bruke til å avgrense eller spionere på nettbruken til borna, vil ikkje Medietilsynet råde nokon til å bruke slike.

– Born må prøve og feile på eiga hand på internett. Det gjer dei elles i livet, og det er ikkje noko poeng å ha nulltoleranse for risiko. Foreldre bør heller ruste borna til å handtere vanskelege situasjonar, seier Jacobsen.

- Ha filter i hovudet

Ho meiner at eit avgrensingsfilter kan fungere som ei sovepute for foreldra, slik at det blir ei unnskyldning for å ikkje engasjere seg.

Det er Kjellaug Tonheim Tønnesen i organisasjonen Barnevakten einig i.

– Eit filter i hovudet er betre enn eit filter på datamaskina, seier Tønnesen.

Skaper eigne nettreglar

I Trygg bruk-undersøkinga 2010 kjem det fram at halvparten av unge mellom 9 og 16 år har lært mest om internett på eigahand. Mange unge skaper sine eigne reglar for sin nettbruk.

– Desse tala viser at vaksne må engasjere seg i det digitale livet til borna i større grad, og stadig tidlegare, seier Jacobsen.