Hopp til innhold

Rune (50) fekk ei litt uvanleg bursdagshelsing

– Eg såg det ikkje med det same, men måtte glise då eg vart merksam på kva som stod der, humrar matros Rune Målsnes om den litt uvanlege helsinga han fekk på 50-årsdagen.

Spesiell bursdagshelsing

GRATULERER: Rune Målsnes fekk ei litt uvanleg helsing frå Per Åge Øygard på 50-årsdagen sin.

Foto: Privatfoto

For på Hella i Leikanger stod ein rutebuss frå Nettbuss og venta å på køyre om bord på ferja som trafikkerer Hella - Dragsvik - Vangsnes på Sognefjorden.

Bussen hadde følgjande «reisemål»: Gratulerer med dagen

– Eg vart noko overraska, men det var eit godt påfunn av sjåføren å gjere noko slikt. Eg har aldri opplevd liknande før, gliser den «ferske» 50-åringen, Rune Målsnes.

Ville også synge

Rune Målsnes

JUBILANT: Rune Målsnes fylte 50 år tysdag. Det visste ein bussjåfør å markere.

Foto: NRK

Bak rattet på bussen sat ein god kjenning av jubilanten, Per Åge Øygard. Han var på veg til Vadheim og handla raskt då han såg kven av ferjebillettørane som var på vakt.

– Rune er ein morosam og triveleg kar, så då eg såg på Facebook at han hadde bursdag tenkte eg å gjere litt stas på han. Sidan han var på jobb, så skifta eg fort om på skilta. Han vart gild då, ler Øygard og legg til at han også hadde andre planer.

– Eg hadde med meg vel ti personar over til Dragsvik, og var tenkt å spørje om dei ville vere med å synge. Det vart ikkje gjort, seier han.

– Mange lo godt

Påfunnet til bussjåføren fall i god jord hos Målsnes, som eigentleg ikkje ynskjer så veldig mykje blest kring den store dagen. Helsinga skapte både latter og smil blant kollegaer og vener.

– Ja, det vart det. Vi hadde eit lite familieselskap, der eg printa ut biletet. Det er mange som har ledd godt av dette, seier han og legg til at også kollegaene hans på ferja visste å feire han.

– Det vart ei flott feiring med gode kollegaer og dei gav meg eit kjempestort bilete. Det er ein fantastisk gjeng. Både dei som jobbar her og dei som reiser. Det vart mange helsingar, avsluttar han.

Rune Målsnes si takk for bursdagshelsingane.

TAKKA: Rune Målsnes la følgjande melding ut på Facebook for å takke for alle helsingane på 50-årsdagen.

Foto: Skjermdump