Slik vart Kjerstin (18) historisk nok ein gang

HELSINGBORG (NRK): – Veldig gøy, strålar Kjerstin Boge Solås (18) etter å ha blitt historisk – nok ein gang – for handballen i fylket.

Kjerstin Boge Solås

KJEKT MED MERKSEMD: Kjerstin Boge Solås (i midten) fekk både målgjevande og mål mot Tsjekkia.

Foto: BJORN S. DELEBEKK, Delebekk, Bjørn S. / VG

Dale-jenta er den første handballspelaren frå fylket i ein større meisterskap.

Fem minuttar før slutt i storsigeren over Tsjekkia vart Tertnes-spelare Kjerstin Boge Solås nok ein gang historisk då ho sette inn sitt første landslagsmål.

– Det var veldig gøy. Vi snakka om å ha fokus på å køyre, så eg låg der framme og køyrde og fekk det målet, gliser jenta, som no også er den første handballspelaren frå fylket som har scora mål i ein meisterskap.

Heldt fokus

Dei norske handballjentene leverte ein heller svak forsvarsmessig første omgang, og gjekk til pause med 18-17-leiing mot det svakaste laget i puljen. EM-debutant Boge Solås fortel at det ikkje var vanskeleg å halde fokus, sjølv om det butta litt i mot.

Laster innhold, vennligst vent..

Sjølv gjekk ho på eit par fintar.

– Det var veldig irriterande, men eg fokuserte berre på det eg veit eg skal gjere og tenkte ikkje så mykje på det, seier ho etter kampen.

Tetta att

Norge kneip att bakover etter kvilen og vann til slutt 34-23 i Helsingborg Arena . Trenar Thorir Hergeirsson er godt nøgd med berre sju baklengsmål i andre omgang.

– Vi har vore på leit etter tempo og flyt i angrep, men det er viktig å ikkje gløyme å gjere jobben bak. Dei svara bra på tiltalen, seier landslagsstrenaren.

HANDBALL-EUR-NOR-ROU

TETTA ATT: Landslagstrenar Thorir Hergeirsson var ikkje nøgd med at Tsjekkia scora på 17 av 26 avslutningar på mål i 1. omgang. Han var derimot nøgd med sju baklengs i andre omgang.

Foto: JONATHAN NACKSTRAND / Afp

– Eg er mest nøgd med korleis vi får til tempoet vårt. Vi køyrer heile laget, får breidde i angrepsspelet, kontakt med linja, har bra flyt og skapar mykje målsjansar. Vi burde kanskje scora nokre mål til, legg Hergeirsson til.

Kampen mot Tsjekkia betydde ikkje så veldig mykje meir enn ære. Allereie før kampstart var Norge puljevinnarar og klare for semifinalen.

Får erfaring

Der møter dei OL-finalist Frankrike.

– Det blir ein heilt annan kamp. Det blir ekstremt fysisk, seier trenar Thorir Hergeirsson.

Semifinalen blir nok ei erfaring for Boge Solås, som er med for å få erfaring. I tillegg til speletid.

– Det er veldig lærerikt å vere her. Både det å få spele og alt som skjer rundt. Og eg skal ta med meg all erfaring eg får, smiler ho og tykkjer det er stor stas med all merksemda ho får i heimfylket.