Utan vinterstemning blant folk er det få som tek turen i skibakkane

Lite snø har prega store delar av fylket under årets vinterferie. Skisentera opplever færre besøkande i år enn før. Publikum manglar rett og slett vinterstemning.

Jølster skisenter 25.02.14

MINKAR: Slik ser Jølster Skisenter ut i dag. Forholda var gode i vinterferien, men med mildvêret minkar også snøen.

Foto: Jølster Skisenter / Webkamera

– Når folk ikkje har vinterstemning er det vanskeleg å skape aktivitet også. Når det er grønt store delar av fylket er det få som vert freista til å ta på seg skia.

Dagleg leiar ved Jølster skisenter, Donovan Goosen merkar at det er færre som har teke turen til skibakken så langt denne sesongen.

– Vi er i grunn veldig fornøgd med vinterferien. Det kom heldigvis bra med snø like før vinterferieveka starta. Det var fantastisk forhold med anlegget ope heilt til toppen og mange fornøgde skikøyrarar, seier Goosen.

Redda av vinterferien

Donovan Goosen

MANGLAR STEMNINGA: Folk er ikkje i vinterstemning til å ta turen til skisentera, seier dagleg leiar ved Jølster skisenter, Donovan Goosen.

Foto: Rune Fossum / NRK

Skisenteret har hatt ope sidan midten av januar, men sesongen har vore prega av lite snø også her.

Men sjølv om forholda har vore brukbare, uteblir dei fleste frå skibakkane. Jølster skisenteret hadde rundt 300 besøkande på det meste i førre veke.

– Det er bra, men langt ifrå rekord sjølvsagt. Eg trur mange tek turen andre plassar der dei veit dei er garantert snø, seier Goosen.

Besøket i vinterferien hjelper uansett mykje på. Jølster skisenter hadde 9,5 millionar kroner i gjeld i 2012.

– Det er klart vinterferien redda oss litt, men no har regnet kome, så det er svært blautt i bakken. No kryssar vi fingrane for at det skal kome meir snø og at kulda også kjem krypande.

Kyssar fingrane for snøfall

Kvar krone hjelper, for det har langt ifrå vore ein draumesesong. Og det går mest utover drifta.

– Det er meir dei daglege driftskostnadane som skal betalast som gjer det vanskeleg. Vi har til no fått det til å gå rundt og fått til eit bra tilbod, seier han.

Senteret ser at dei har mindre inntekter i år i forhold til tidlegare år. Sjølv om dei er fornøgde med det dei har fått til så langt, er dei langt bak det dei hadde håpa.

Goosen seier det no sårt treng snø og kuldegrader.

– Alt er mogleg, men vi veit jo ikkje kva vi får. Eg har høyrt nokre eldre som spår om bra marsmånad med tanke på snø. Eg håpar dei har rett, seier Goosen.

I tillegg til ein sesong som ikkje har fått folk til å strøyme til anlegget, kjem påskeferien seint i april i år. Goosen trur dette kan gå begge vegar.

– Anten får vi meir tid til å hente oss inn att, men det er jo berre viss det kjem snø. Viss ikkje er vi like langt.

Stryn Vinterski

– Vi har ikkje hatt snø til å ha ope. Det var ergerleg for det var strålande vêr enkelte dagar førre veke, men det hjelp lite når vi ikkje har snø. Det har vore bra mykje folk i langrennsløypene da, men her er det ikkje snø i barnebakkane ein gong, seier dagleg leiar i Stryn Vinterski, Kåre Tonning.

Dermed er det lite inntekter for skisenteret. Senteret har også ei gjeld på 6,7 millionar kroner.

– Det er ikkje noko å rope hurra for. Vi skal ha eit møte no om kva som skjer med skisenteret. At det ikkje kjem pengar i kassa er ikkje positivt, vi har jo utgifter uansett.

Vi får dessverre ikkje gjort noko med vêret. Normalt sett har mars vore ein veldig god månad med mykje snø, men eg tore ikkje spå noko for denne vinteren, for den er det ingenting normalt med, seier Tonning.

Og når anlegget ikkje har vore ope, så har dei tapt heile vinteren. Med mellom 200–350 hytter i nærleiken er dette veldig synd, synest Tonning.

– Nei, det er vanskeleg å få folk til å finne fram skia når dei står i hagane og grev ned lauk, seier han.

(Artikkelen held fram under biletet)

Stryn Vinterski, 25.02.14

STENGT: Stryn Vinterski har ikkje hatt ope ein einaste dag denne vinteren. Tysdag såg det slik ut i bakken.

Foto: Stryn Vinterski / Webkamera

Sunnfjord skisenter

– Det er sørgjeleg. Vi har hatt ope i tre veker, men i dag måtte vi stenge på grunn av mykje nedbør. Hovudbakken har vore open, men ikkje den nye bakken, seier Sturle Angedal, driftsleiar Sunnfjord skisenter, Blomlia.

Skisenteret nokre kilometer utanfor Førde sentrum hadde også ope i vinterferien, men det var lite folk å sjå i bakken, fortel Angedal.

– Det var ikkje noko veldig trykk. Vi laga snø, men det hjelper ikkje. Folk treng vinter rundt seg for å ta på seg skia og kome i bakken.

Med få folk på ski i bakken blir det også dårleg med klingande mynt i kassa.
– Vi bør vere nøgde så lenge vi klarer å dekke inn driftsutgifter til straum, diesel og diverse. Vi har lite gjeld så det burde gå greitt å berge seg økonomisk, men vi får ikkje inn så mykje at vi får noko til overs. Så det er ein dårleg vinter for oss Vestlendingar, seier han.

Siplo Høyanger


Skitrekket på Siplo i Høyanger har ikkje vore ope denne sesongen.

– Det har vore for lite snø. Vi har montert opp det gratis tautrekket for born, og håpar kanskje å få starta det til helga. Elles har vi trakka langrennsspor langs ein veg, og der har det vore gode forhold og mange som har fått fine turar, seier Kai Helge Kjønås ved skisenteret.

Det dugnadsdrivne trekket kan ikkje produsere kunstsnø, og dermed har det vorte dårleg med inntekter for senteret.

– Vi går i null, vil eg tru. Mykje blir gjort på dugnad, så lenge vi har pengar til drivstoff og reparasjon av trakkemaskiner, så klarer vi oss. Men, vi skulle gjerne hatt ope. Vi har eit håp om at mars blir betre, og at vi kan opne til påske.

Hornindal skisenter

Ved Hornindal skisenter kom snøen i grevens tid og berga vinterferien. Måndag førre veke kom det 30 cm som gjorde at trekket kunne vere ope frå tysdag til laurdag, men så kom regnet og no er det stengt att.

– Vinterferien var bra for vår del. Vi har hatt ope helt til topps og hatt rundt 200 besøkande kvar dag i snitt. Det er ikkje heilt perfekt, men det hjelpte på for økonomien, fortel driftsleiar Amund Sverre Tomasgard.

Til no i år har dei hatt ope ti dagar til saman.

– Det er ikkje optimalt. Det har vore lite snø, så vi kryssar fingrane for at det skal komme meir i løpet av det som er att av sesongen.

Utvikfjellet og Breimsbygda skisenter


Skitrekket på Utvikfjellet hadde ope alle dagar i vinterferien, og driftsleiar Kåre Solheim fortel at det var bra med folk enkelte dagar, spesielt då sola viste seg fram.

– Vi har hatt barnetrekka opne og elles laga turløyper, men utanom det er det ikkje mykje som har kunne vore ope når det er så lite snø, seier Solheim.

– Det var bra at vi fekk køyrt noko, men det er ikkje all verd med inntekter når berre barneheisane går. Det er vanskeleg å seie korleis dette vil går økonomisk, men vi ligg sjølvsagt langt bak i år. Det ser ikkje ut til at vi skal få snø med det første heller, seier han.

Harpefossen skisenter

– Vi har no hatt ope i vinterferien, men vi slit vi som alle andre, seier driftsleiar Oddgeir Åsebø ved Harpefossen skisenter i Eid.

Dei har hatt ope heilt nedst der dei har snøproduksjon, men når berre ein liten del av anlegget er ope er det ikkje optimalt for skitrekket.

– Det er ikkje så mykje anna å gjere enn å prøve å gjere det beste ut av situasjonen. Vi tapar pengar, det er heilt klart, men naturen kan vi ikkje styre. I tillegg har det vore ekstremt lite kuldedøgn, så det har vore vanskeleg å lage snø, seier Åsebø.

Sogn Skisenter

– Vi var så heldige å få produsert snø då vi var nede i 10 elleve kuldegrader. Så snø har vi ikkje mangla i vinterferien. Vi har berga oss veldig bra og hadde nokre dagar med drøymevêr, men sesongen i år er spesiell for besøkstalet har gått ned, seier Runar Tørvi, driftsleiar ved Sogn Skisenter på Hafslo.

Han fortel at det har kome ein del folk frå andre kantar av fylket, men han saknar og ein del lokale i bakken.

– Det er jo nesten ikkje snø i kommunen, så det forplantar seg til å få folk til å tru at det ikkje er snø i bakken heller. Men her har det vore snø stort sett heile tida.

Det har jamt over vore litt mindre folk i år enn tidlegare. Vi har hatt 300 besøkande på dei beste dagane, tidlegare har det vore snakk om ein 500-600, fortel Tørvi.

Han trur at dei som ikkje har hatt ope i vinter har ein tøff situasjon.

– Vi har ikkje problem med besøk, sjølv om innteninga er noko dårlegare gir ikkje det noko utslag. Vi klarar oss greitt, men eg føler med dei som ikkje kan ha ope, seier han.

(Artikkelen held fram under biletet)

Sogndal skisenter Hodlekve

OPE: Sogndal skisenter, Hodlekve hadde bra trykk denne vinterferien, medan andre stader i fylket har det vore vanskeleg å halde skianlegga opne. Bilete er frå tidlegare.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Sogndal skisenter

– Vi har hatt ei knallhelg. Det har jo vore vinterferie for både Sogn og Fjordane og Hordaland denne helga, i tillegg har vi har Fjellsportfestivalen, seier dagleg leiar ved Sogndal skisenter, Hodlekve, Cecilie Grendahl.

Ho fortel at mange tusen har teke turen til skisenteret i vinterferien.

– Vi held ope denne veka og. Det var litt laber stemning i dag då regnet kom, men vi kan ikkje klage. Vi har hatt alt ope, men det har vel kanskje vore litt mindre besøk enn vanleg, men vinterferien har gjort at vi klarar oss godt, seier Grendahl.

Ho får vondt i magen av å tenke på dei som ikkje har snø. Sjølv har dei vore heldige og hatt plentig med vanleg snø.

Marknadsføring har vore viktig. Dei feste trur ikkje det er ope. Så det er viktig å fortelje at det er snø. Det er ofte betre forhold enn det folk trur når dei ser ut på den grøne grasflekken utanfor stovevindauget, seier Grendahl.

Regjeringa vil ha større konkurranse i landbruket, men bøndene på Vestlandet er skeptiske.
Atle Steinar Solheim vart overraska med nyheita om at han er ein av fem nominerte
Over 80 barn var samla på Jølstraholmen for å tjuvstarte adventstida med pynting av pepperkakehus.