Hopp til innhold

Synest du vegane er dårlege i dag? Sjå korleis det stod til i 1965!

Det er mange som klagar på vegstandarden i Sogn og Fjordane. Enkelte meiner det ikkje har skjedd stort sidan 1960-70-talet. Men dei bør sjå på desse filmklippa...

I 1965 laga NRK TV-program om vekstsenteret Førde og filma då langs ein del av vegane i området.

I 1965 laga NRK eit TV-program om vekstsenteret Førde, som nett då var i støypeskeia. Då vart det mellom anna filma langs vegane rundt Førde.

Programleiaren, Thor Arnljot Udvang, seier i sin kommentar mellom anna:

...Dermed vil vi ikke ha sagt at det er dårlige veier etter norsk målestokk. Men de er unektelig smale og svingtete...

Smale og svingete er dei unekteleg, dei vegstrekningane vi ser i dei snart 50 år gamle kutta. Det er dei fleste stader ikkje passering når ein personbil og ein buss møtest. I tillegg er det grusvegar.

Men kvar er det filma? Vi kjenner att eit lite glimt av svingane opp Gaularfjellet. Men resten slit vi med, sjølv etter å ha konferert med sjåførveteranane Nils R. Sandal og Håkon Råheim.

Difor vil vi ha hjelp. Kjenner du att desse vegstrekningane, så send ein e-post til kjell.arvid.stolen@nrk.no.

– Forferdeleg mellom Vassenden og Årdal

Tidlegare fylkesordførar Nils R. Sandal var sjåfør før han vart heiltidspolitikar. Han fekk førarkort i 1968 og tok til som sjåfør i Firda Billag i 1970. Han køyrde både lastebil og buss, og han kan skrive under på at det trass alt har skjedd mykje med vegane våre.

– Eg hugsar mellom anna strekninga mellom Vassenden og Årdal i Jølster. Det var forferdeleg, det var smal, svingete, holete grusveg. Eg gledde meg til at eg kom til Årdal, for derifrå til Skei var det nyare og breiare veg med fast dekke.

Vegen i Jølet i Førde

VEGEN FØRDE-FLORØ: Denne vegstrekninga i Jølet i Førde var fram til 1969 første biten av riksvegen mellom Førde og Florø.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Elles var det langt mellom dei gode vegstrekningane, men Nils R. Sandal hugsar at det var tidleg god veg mellom Utvik og Innvik.

– Ramsdalsheia var ille

Han køyrde også mykje mellom Førde og Florø, mellom anna med store mjøllass.

– Særleg over Ramsdalsheia var det ille. Vinterstid var det ei utfordring å kome seg opp på Naustdal-sida. Og når vi hadde greidd det, så var vi spente på om vi såg lys frå møtande bilar i tunnelen på toppen. For den var så smal at det ikkje var passering, det var berre så vidt ein lastebil fekk plass åleine.

Først i 1995 vart vegen over Ramsdalsheia avløyst av Naustdalstunnelen, og i 2005 var riksveg 5 mellom Førde og Florø ferdig utbetra.

Nils R. Sandal

HAR SKJEDD MYKJE: Tidlegare sjåfør og fylkesordførar Nils R. Sandal hugsar den tida det verkeleg var dårlege vegar.

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

Sandal køyrde i fleire år trailer austover, og han minnest med gru vegen frå Lærdal over Hemsedalsfjellet.

– Under Seltunåsen måtte vi køyre i feil køyrebane fordi det var så lågt under berget, og opp mot Hemsedalsfjellet var det smal veg. Møtte vi nokon på vinterføre, kunne vi berre ta kvelden.

Likeeins var det med vegen over Strynefjellet, i den tida då det berre var ein sommarveg over Tystigen.

– Eg hugsar godt første turen gjennom tunnelane på nye Strynefjellsvegen i 1978. Det var som ein draum.

– Med livet som innsats

Og strekningane med rasfare var langt fleire enn i dag. Sandal og hans yrkesbrør var sjeleglade den dagen vegen mellom Lærdal og Revsnes vart avløyst av Fodnestunnelen i 1995.

– På Revsnesvegen kom det nesten dagstøtt stein ned i vegbane. Og eg hugsar at eg køyrde skuleruta mellom Skei og Lunde. Det var med livet som innsats å køyre langs Kjøsnesfjorden den gongen.

I det heile meiner Nils R. Sandal at dei som ikkje er for unge og historielause veit godt at det har skjedd veldig mykje på vegsektoren i Sogn og Fjordane dei siste 50 åra.

– Ikkje minst var vegen mellom mellom Skei og Sogndal ein samferdslemessig revolusjon då den opna i 1994.