TAKK: Både ambulansen og Sogndal Røde Kors Hjelpekorps fekk blome før kampen for innsatsen då Brann-spelar Carl Erik Torp fekk hjartestans for to veker sidan. Ingeborg Elvagjeng tok imot blomen på vegner av Røde Kors.
KLAR: Trenar Harald Aabrekk i einsam majestet inn på Fosshaugane før kampen.
TRIO: Hovuddommar Tom Henning Øvrebø (Nordstrand IF) hadde med seg Geir Åge Masovn Holen (Rælingen) og Chriss Bjorøy (Bjarg) på sidelinjene.
KAPTEIN: Alexander Aas er kapteinen til Strømsgodset.
LUKKE TIL: Som alltid ynskjer Harald Aabrekk heimesupporterane god kamp før avspark.
UNION: Godsetunionen har ikkje hatt mykje å juble for utanfor Marienlyst i år. Berre ein siger og fire uavgjort før oppgjeret på Fosshaugane.
TETT: Sogndals Ulrik Flo i ein av mange duellar med Godset-kaptein Alexander Aas.
KONTROLL: Glenn Andersen og Strømsgodset hadde ballen mest, men Ørjan Hopen og Sogndal hadde sine overgangar.
REISER: Mats Solheim reiser til Sverige etter årets sesong. Her jagar han Muhamed Keita.
SIKKER: Adam Larsen Kwarasey var attende i buret etter å ha blitt vraka mot Odd Grenland fordi han kom for seint på trening. Her tek han trygt hand om eit Ørjan Hopen-frispark.
ATTENDE: Cato Hansen var attende i startoppstillinga til Sogndal etter eit lengre skadeavbrekk.
SÅ NÆRME: Stefan Johansen spelte sin første kamp frå start frå Godset. Her fortvilar han etter å ha spolert ein kjempesjanse til å sende gjestene i føringa.
HOPEN: Eit nytt frispark frå Ørjan Hopen går heilt igjennom feltet, men på feil side av stanga.
FLO: Ulrik Flo i duell med Razak Nuhu, som er ein av fleire spelarar som Strømsgodset har på lån frå engelske Manchester City.
NØGDE: Desse jentene hadde god tru på siger og full pott til Sogndal.
KVARDAG: Even Hovland kom frå si første A-landslagssamling og var godt nøgd med at Sogndal klarde eitt poeng mot Strømsgodset.
FREKKIS: Ole Jørgen Halvorsen tråklar seg forbi Glenn Andersen og Razak Nuhu.
STRAFFE: Even Hovland blir halden frå alle kantar inne i 16-meteren til Strømsgodset.
KORT: Even Hovland fekk gult kort for ei takling på Alfred Sankoh.
DRIV: Henrik Furebotn i fullt driv for Sogndal.
SKAL HA: Ein målbevisst Ulrik Flo jaktar ei laus pasning frå Godset-kaptein Alexander Aas.
HELTEN: Tonny Brochmann Christensen erstatta Cato Hansen, og vart den store helten for heimelaget.
MÅL: Det var ikkje ballen som hamna i mål i denne situasjonen, men derimot Isak Scheel og Razak Nuhu.
TETT: Henrik Furebotn i fullt driv for heimelaget.
FEIRA: Mohammed Abu sende Strømsgodset i føringa med eit perlemål frå 30 meter, og hoppa rett i armane på trenar Ronny Deila.
GAV IKKJE OPP: Sogndal spelte ingen stor kamp, men gav aldri opp håpet om poeng.
FLO MOT FLO: Ulrik Flo viker for rutinerte Tore Andre Flo. Sistnemnde ordna corneren som til slutt resulterte i scoring.
TRYGG: Even Hovland med god kontroll på ballen i sluttminutta.
JUBEL: Tonny Brochmann Christensen har nett utlikna for Sogndal.
NØGD: Tonny Brochmann Christensen scora det viktige 1-1-målet for Sogndal.