NRK Meny
Normal

Slik var sikta over Hemsedalsfjellet i kveld

Gunnstein Fjellheim køyrde i reinaste snøstormen då han kom over riksveg 52 Hemsedalsfjellet seint fredag kveld. Og då hadde han nok ein fjellovergang i vente ...

Sikt over Hemsedalsfjellet

DÅRLEG SIKT: Slik var sikta og føret då Gunnstein Fjellheim køyrde Hemsedalsfjellet fredag kveld.

Foto: privat

– Vi er litt spente på korleis det er på riksveg 13 over Vikafjellet, men vi satsar på at det går bra slik at vi kjem oss heim til Vik, seier Fjellheim i 21-tida.

Han var då komen til Lærdal etter å ha drege frå Austlandet tidlegare på ettermiddagen. Men turen over Hemsedalsfjellet tok noko lenger tid enn kva han hadde rekna med.

Brøytebilane måtte ut på oppdrag

Tidlegare i dag måtte brøytebilane i sving på fylkesveg 55 over Sognefjellet, der snøen hadde lagt seg etter ei skikkeleg nedbørsbye.

Forholda var såpass dårlege at fleire sommarskodde bilistar fekk store problem på veg både opp og ned fjellet, og måtte ha hjelp for å komme seg derifrå. Sognefjellet vart stengt i 18.30-tida, og det vil bli gjort ny vurdering i morgon.

Fullt så ille var det ikkje på Hemsedalsfjellet, men det var nok snø i vegbana til at farten måtte monaleg ned for at det skulle vere forsvarleg å køyre.

– På verste strekninga låg vi i 20 kilometer i timen. Eg vil tru det varte i overkant av seks kilometer. Det var godt kvitt i vegen, og ikkje særleg godt føre, kan du seie, seier Fjellheim.

(Artikkelen held fram under biletet)

Snøfall på Sognefjellet

SNØ OG SLAPS: Slik såg det ut på Sognefjellet i 17-tida. Fleire bilistar måtte ha hjelp for å komme seg derifrå.

Foto: Sognefjellshytta

Slikt ein må rekne med

Kontrastane vart dermed store på dagens køyretur.

– På Austlandet var det 20 grader og reine sommaren. På Hemsedalsfjellet var det som om det var ei anna årstid, seier Fjellheim.

Men han er ikkje overraska over at det allereie har lagt seg kvitt på fleire fjellovergangar.

– Nei, vi er jo i slutten av september, så det er slikt ein må rekne med her hjå oss. Det er berre å ta det med ro, så går det stort sett bra, seier Fjellheim.

Vakthavande på Vegtrafikksentralen, Jan Erikstad, stadfestar at det kan vere kvitt på vegane i høgfjellet, og ber spesielt trafikantar som skal ut å køyre seinare i kveld eller på morgonkvisten laurdag om å ha det i bakhovudet.

(Artikkelen held fram under biletet)

Tindevegen snø

SNØ: Også på Tindevegen, mellom Turtagrø og Årdal, hadde snøen lagt seg i dag.

Foto: Anders Fortun

Ver obs viss du skal ut å køyre

Både på E16 over Filefjell og fylkesveg 50 Aurland-Hol kan det vere snø i vegbana.

– Eg er usikker på kor mykje snø som har lagt seg. Men ein bør tenkje seg litt om og vurdere om ein må køyre over fjellet viss ein har sommardekk. Truleg vil den snøen som er komen, forsvinne i løpet av morgondagen. Men nattetid kryp temperaturen nedover, og då kan det vere glatt, seier Erikstad.

Uvêret har så langt ikkje ført til nokon store problem på vegane elles i fylket.

– Det har vore litt nedfall av tre og ymse på vegar i Nordfjord, men det har ikkje skapt store problem for dei køyrande, seier Erikstad.

Den nye regjeringa vurderer å kvitte seg med odelslova. Det kjem ikkje på tale, svarer bøndene.
Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.