Hopp til innhold

Slik var nyheitsåret 2017 i Sogn og Fjordane

Året 2017 høyrer snart til i historiebøkene. Her kan du lese om dei sakene som har prega nyheitsdekninga til NRK Sogn og Fjordane i året som gjekk.

Nyheitspanel i NRK Sogn og Fjordane

DISKUTERTE NYHEITSÅRET: Dette panelet diskuterte nyheitsåret 2017 i radiosendinga til NRK Sogn og Fjordane. Frå venstre: Arvid Andenæs, Erlend Blaalid Oldeide, Kristine Kopperud Timberlid og Frank Willy Djuvik.

Foto: Oddmund Haugen / NRK

Kva hugsar du best frå nyheitsbiletet i året som var? Kanskje er det nokre av dei store sakene du ikkje fekk med deg skikkeleg?

Vi har sett saman eit panel beståande av tre sentrale personar i Sogn og Fjordane, som brukte ettermiddagen på å diskutere seg gjennom dei store sakene i 2017.

Panelet på tre var tidlegare banksjef Arvid Andenæs, Frp-politikar Frank Willy Djuvik og påtroppande Innovasjon Norge-sjef her i fylket Kristine Kopperud Timberlid.

Høyr heile innslaget med panelet her:

To fylke blir til eitt

Samanslåinga av dei to fylka Hordaland og Sogn og Fjordane har prega nyheitsåret 2017 på fleire ulike måtar. Sist ut var ein heftig namnedebatt, etter at det vart klart at det nye storfylket skal heite «Vestlandet».

– Eg er nok av dei som kjenner litt på at vi tek eit namn frå nokon andre, seier Kopperud Timberlid.

Det er velkjent at mellom anna politikarane i Møre og Romsdal mislikar namnevalet sterkt.

Arvid Andenæs klarer ikkje heilt å hente fram nokre sterke kjensler i namnedebatten, men må innrømme at det er underhaldande å følgje med på den.

– Eg må berre fryde meg litt over møringane. Eg tykkjer jo dei er litt høge på pæra heile tida, så at dei protesterer så høglydt, er berre kjekt, seier Andenæs.

Utvik reiser seg etter storflaumen

I sommar vart Utvik i Nordfjord råka av ein svært øydeleggjande flaum, som tok med seg hus, bruer og vegar.

Framleis står mykje att, men bygdefolket i den vesle grenda har bukt det siste halve året på å byggje opp att bygda si.

– Den positiviteten og dugnadsånda som vart synt fram etter flaumen i Utvik, er verkeleg imponerande. Det er berre å ta av seg hatten, seier Frank Willy Djuvik.

Les også: Då flaumen kom heim til Utvik

Utvik sentrum frå Helikopter flaum

DRAMATISK: Bygda Utvik vart hardt råka av flaum i sommar. Her ser vi kor mykje vatn som rann gjennom Utvik sentrum

Foto: Alf Vidar Snæland

Historisk løft for reiselivet

Ein må langt tilbake i tid for å finne eit like godt år for turistnæringa i Sogn og Fjordane som 2017. Allereie tidleg i sesongen, melde hotell og campingplassar frå om at bestillingsbøkene vart fulle i rekordfart.

På mange måtar har opninga av den nye gondolbana opp på fjellet Hoven i Loen vorte sit symbol på den veksten ein har sett i reiselivet.

– Reiselivet har hatt gode tider nasjonalt dei siste åra, men så har vi særleg her i fylket vore flinke på det som vi kallar destinasjonsutvikling. Det ein har klart å få til i Loen med ein totalpakke til turistane, det er heilt fantastisk, seier Kristine Kopperud Timberlid.

Og det er ikkje tilfeldig at det er akkurat Loen som har blitt eit senter for veksten i turistnæringa, meiner Arvid Andenæs.

– Familien Grov har jobba veldig godt i fleire generasjonar, og har alltid klart å ligge eit steg før på dei nye trendane, seier han.

Hoven Loen

STORT LØFT: Den nye gondolbana i Loen i Nordfjord har vore eit stort løft for turistnæringa. Også andre stader i fylket går reiselivet svært godt.

Foto: Ole André Rekkedal / NRK

Frivillige og ufrivillige kommunesamanslåingar

2017 vart også året då dei største endringane på det norske kommunekartet sidan 1960-talet vart vedteke. Den gongen var det Nikolai Schei frå Førde som leia arbeidet, denne gongen har kommunalminister Jan Tore Sanner frå Høgre sikra seg ein plass i historiebøkene med store strukturendringar.

Her i fylket fekk vi ein tvangssamanslåing av kommunane Sogndal, Balestrand og Leikanger. Vi har fått det som har vorte skildra som den raraste kommunen i Norge.

Og ikkje minst har vi nyleg hatt ein stor debatt etter at det vart kjent at namnet på den nye storkommunen rundt Førde skal heite «Sunnfjord».

Samanslåingane har vore kontroversielle, men Arvid Andenæs skulle gjerne sett at dei nye kommunane vart endå større.

– Eg kunne godt ha tenkt meg fire kommunar i dagens Sogn og Fjordane. Då ville vi hatt sterke einingar opp mot senteret, som no blir Bergen. Vi ser for smått på det i dag.

Djuvik i Framstegspartiet trur kanskje Andenæs vil få viljen sin etter kvart.

– Eg trur at Bremanger kjem til å kome inn i Kinn kommune, anten det blir frivillig eller ikkje.

Eirik Birkelund

RYKKA NED: Sogndal rykka ned frå eliteserien, og skal neste år spele i same divisjon som Florø.

Foto: NTB Scanpix

Sogndal og Florø hamna i same divisjon

Fotballen har prega sportsåret i Sogn og Fjordane. Florø har hatt sin første sesong i 1. divisjon, medan Sogndal rykka ned etter to kvalifiseringskampar mot Ranheim.

Det betyr at dei to klubbane neste år skal spele i same divisjon.

– Som florøværing hadde eg helst sett at Sogndal ikkje spelte i same divisjon som Florø. Eg ville gjerne hatt Sogndal i eliteserien, seier Frank Willy Djuvik.

Likevel gler han seg til fotballsesongen 2018.

– Eg trur det blir veldig mykje merksemd om fotballen, og vi får i alle fall to fantastiske hendingar når Florø og Sogndal skal spele mot kvarandre, det blir veldig gøy!