Hopp til innhold

Slik var natta for politiet i Sogn og Fjordane

– Med tanke på det fine vêret og kor mykje folk som var ute, har det vore ei roleg natt for politiet, seier operasjonsleiar Tatjana Knappen i Vest politidistrikt.

Men litt har det likevel vore å gjere. I løpet av natta har fleire personar fått beskjed om både å halde seg vekke frå sentrum og hotell.

– Til saman tre personar i Sogndal fekk beskjed om å halde seg vekke frå sentrum. I Årdal nekta ein mann å forlate baren på eit hotell, og politiet måtte rykke ut. Det same gjeld ein rusa mann i Stryn som nekta å gå frå puben, seier ho.

I Sogndal kom politiet over ein mann med ei ølflaske.

– Han fekk beskjed om å tømme innhaldet ut, men i staden drakk han frå flaska framfor politiet. Dermed blir han meldt for drikking på offentleg stad.

To personar har også blitt meldt for å ha urinert på offentleg stad, ein i Førde og ein i Måløy.

– Og laurdag kveld fekk politiet melding om ein fest der mindreårige drakk alkohol. Politiet reiste til staden og tømde etter kvart lokalet. Her blir det ikkje oppretta sak, seier ho.