Hopp til innhold

Måtte rett i arrest etter bråk på fest - klikk på kartet og sjå kva som har skjedd i natt

Mannen i tjueåra drog på fest, men havna rett i arrest. Klikk på kartet og sjå kva politiet hadde føre seg natt til søndag.

Politinatta i fylket

Tradisjonen tru har politipatruljane på jobb i Sogn og Fjordane hatt nok å henge fingrane i natt til søndag.

Ved midnatt måtte politiet i Førde rykkje ut og ta hand om ein mann i slutten av tjueåra som laga trøbbel på ein privatfest. Han gjekk rett frå fest til arrest, og slepper ikkje ut før søndag føremiddag.

I Nordfjord fekk politiet to promillesaker å hanskast med, først rett før klokka 03. Ein utanlandsk sjåfør i 40-åra vart stansa, mistenkt for ruskøyring.

Ein time seinare måtte politiet krysse over fylkesgrensa til Møre og Vanylven. Ein 19-åring vart fråteken førarkortet etter mistanke om køyring i rusa tilstand.

På Årdalstangen måtte politiet ta hand om tryggleiken for fleire tusen festivaldeltakarar på Målrock som brått fekk festen avbroten av den sterke vinden frå uvêret "Lena".