Hopp til innhold

Slik var natta for politiet

Brann i bossbøtte, ruskøyring og ordensuro er noko av det politiet måtte ordne opp i natt til laurdag.

Politi-illustrasjon
Foto: Lien, Kyrre / SCANPIX

Klokka 0032, brann i bossbøtte, Florø:

Melding om brann i bossbøtte utandørs i Havrenesvegen. Politiet rykte ut til staden og fekk sløkt brannen. Årsak til hendinga er ikkje kjend.

Klokka 00:41, Ordensuroing, Sogndal:

Politiet fekk melding om bråk i ei matkø i sentrum. Patruljen reiste til staden og forholdet roa seg ned. Det var ein rusa mann i 20 åra som hadde vore litt høgrøysta.

Klokka 00:51, to høge smell, Florø:

Politiet fekk melding frå fleire personar som hadde høyrt to høge smell på Krokane. Patruljen reiste til staden men der var roleg då dei kom fram. Det lukkast ikkje å finne ut kva som hadde skjedd.

Klokka 02:13, mistanke om køyring i rusa tilstand, Hornindal:

Ein mann i 60 åra vart framstilt for blodprøvetaking då han er mistenkt for køyring i rusa tilstand i Hornindal. Førarkortet er kverrsett og saka vert vidare etterforska av lensmannskontoret.

Klokka 03:25, rusa person, Sogndal:

Ein rusa mann i 40 åra vart køyrt heim av politiet.

Klokka 04:40, trafikk, Florø:

Politiet avskilta to køyretøy pga. manglande omregistrering. Tre andre bilførarar vart kontrollerte, alt ok.