– Det er mykje gründerskap her. Det er mange som har gode tankar og idear om å utvikle nye bedrifter og nye tiltak, og det er viktig å ta vare på. For i ei verd der vi skal ha fleire bein å stå på, så er evna til omstilling og nyskaping veldig viktig, seier statsministeren.
Besøket starta allereie laurdag kveld då Solberg deltok på konsert med Morten Abel på Trovikkaia i Florø.
Fekk prøve salat av tang
Sjølve rundturen starta søndags morgon der turen gjekk til øysamfunnet Bulandet i Askvoll kommune. Her fekk ho blant anna smake på tang frå bedrifta Seaweed. Dei har utvikla ein algesalat til sushi.
– Eg trur vi er dei første i Norge som lagar slikt. Det er importert ein del frå Asia, men i Norge er det veldig lite av slikt, fortel Daniel Fedøy.
Prosjektet som nyleg har starta opp og blitt ein del av eitt treårig forskings- og utviklingsprosjekt, fall i smak hos Solberg.
– Det er veldig kjekt å sjå at vi har andre marine ressursar enn laksen, men så må vi lære å ete det, og det var godt. Det hadde litt pastakonsistens og litt saltsmak, fortel ho.
Heimelunsj hos ordføraren
Vidare gjekk turen tilbake til Florø og til Flora omsorgssenter der statsministeren fekk vere med på musikkterapi for demente. Her fortalde ho at regjeringa vil starte med kvalitetsmåling av sjukeheimar. Besøket i Florø vart avslutta på heimelunsj hos Flora-ordførar Bengt Solheim-Olsen (H).
– Det var veldig god mat. Det var ein dugande kokk, men eg har ei kjensle av at det var sambuaren som tok mesteparten av det, seier ho med glimt i auget.
Då Solberg tok turen frå Florø til Førde vart ho møtt av medlemmer i Natur og Ungdom. Møtet vart kort, men ungdommane fekk fremja saka si om gruvedeponi i Førdefjorden. I Førde besøkte statsministeren også bedrifta Hellenes.
Besøkte veljarar på døra
Deretter reiste ho på husbesøk til veljarane saman med Førde-ordførar Olve Grotle (H).
– Dette gjer heile Høgre sin organisasjon, og det gjer vi fordi det er viktig å få folk til å stemme. Det er viktig å komme i kontakt med folk om kva dei vil med lokalsamfunnet. Det er lettare å få dialog på trappa til folk enn om dei hastar på veg frå jobb til butikken. Det er noko vi har gjort mykje av dei siste fem valkampane og vi veit at det gir resultat, seier Solberg.
For Grotle var det kjekt å kunne ha med seg sjølvaste statsministeren når dei ringde på tilfeldige hus.
– Det er veldig kjekt at statsministeren besøker Førde og for oss er det ei vitamininnsprøyting i innspurten på valkampen, seier han.