Hopp til innhold

Slik var det på julafta i fjor

Hugsar du vêret på julafta i fjor? Sjansane for å få tilsvarande julestemning i år er minimale.

Vieåsen julafta 2014

JULAFTA 2014: Slik såg det ut frå Vieåsen mot Førdsnipa i Førde midt på dagen 24. desember 2014.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

For statsmeteorolog Anna Reigstad har langt frå godvêrsmeldingar å dele ut til oss som bur i dette våte og for tida milde fylket. Ho kan melde om ein ny, uvelkomen gjest på julafta.

– Det er i ferd med å danne seg eit nytt lågtrykk sørvest i Atlanterhavet. Det kjem fort, og det forsyner oss med mykje nedbør og kraftig vind.

Med andre ord, omtrent slik det har vore i det siste. Ikkje eigna til å få oss i julestemning, så det må folk ordne utan hjelp frå vêret.

Vieåsen 22.12. 2015

TO DAGAR FØR JUL 2015: Det er iallfall eit opphald i nedbøren, men snøen har trekt seg tilbake til toppen av Førdsnipa.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

– Ikkje spesielt snilt med oss

I dag har det vore stort sett opphaldsvêr først på dagen, men mot kvelden kan vi vente oss ein ny omgang med ruskevêr.

– Det kjem eit lågtrykk, og det er ikkje spesielt snilt med oss, det sender mykje vind, opp til liten storm, særleg rundt Stad. I morgon blir det full storm ved Stad, seier Reigstad.

Jul ved Vangen kyrkje i Aurland 2014

JULESTEMNING: Slik såg det ut ved Vangen kyrkje i Aurland jula 2014.

Foto: Jan Christian Jerving

Kortvarig vêromslag

Elles på vesle julafta kan ho love oss byevêr, lokalt blir det temmeleg kraftig regn, supplert med torevêr og haglbyer.

– Vi må smøre oss med tolmod, for laurdag blir det eit stort omslag. Det kjem ein høgtrykksrygg, det blir periodar med sol, og temperaturen fell kraftig, mange stader blir det meir enn fem kuldegrader, seier Reigstad.

Men dette blir heller kortvarig. Når det nærmar seg nyttårshelga er det på an igjen med mildvêr, ifylgje langtidsvarselet til yr.no.

Men om dette varselet ikkje tek mykje feil, blir vi sparde for nedbør.

Skitur ved Gjøsetstølen 25.12 2015

FINNE PÅ NOKO ANNA? På første juledag i 2014 hadde mange seg ein skitur. Eitt år seinare må vi høgt til fjells for å gå på ski.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK