NRK Meny
Normal

Slik var desembernatta for politiet

Både slåsting og bråk fleire stader denne desembernatta gjorde at politiet måtte tilkallast.

Politi - (illustrasjon)
Foto: Yngve Tørrestad / NRK

Siste helga før jul måtte politiet trå til fleire gonger i fjordfylket.

Like over midnatt måtte politipatruljen køyre heim ei kvinne som tiltrekte seg mykje merksemd ved ein utestad i Florø.

Klokka 01.22 fekk politiet melding om at ein person i Sogndal hadde teke tak i ei rute på ein bil. Personane reiv i ruta slik at den vart øydelagt. Politiet fekk påvist gjerningsmannen, og det vert oppretta sak.

På same tid kom politipatruljen over to personar som slåst på bakken i Sogndal. Politiet måtte skilje mennene og forholdet vart meldt.

Nesten ein time seinare måtte politiet be ein person om å forlate Florø sentrum etter at han hadde stelt i stand bråk på ein utestad i byen.

Klokka 02.33 vart politipatruljen tilkalla etter slåsting mellom fire personar på ein utestad i Førde. Politiet klarte å skilje dei og alle fekk pålegg om å gå kvar til sitt.