NRK Meny
Normal

Slik utnyttar dei siste rest av snøen

Med to tonn salt og ein snøscooter i skytteltrafikk, kan unge alpintalent boltre seg i skibakken.

FÅR SKYSS: Når det ikkje er snø i trekktraseen, må dei nytte scooter. Video: Anders Neteland

– Vi skvisar det siste vi har igjen av vinteren, ler hovudtrenar Anders Neteland i Sogn og Fjordane skikrins.

Medan mange av oss gler seg over at sommaren snart er her, er det nokre som ikkje kan få nok av ski og snø. I fire dagar er 16 unge alpinistar frå heile skikrinsen samla ved Sogndal skisenter i Hodlekve for å få maks utteljing på snøen.

Men så langt utpå våren, er ikkje dette utan utfordringar.

– Det er berre snø i den øvste bakken. Det er ingen snø i heistraseen, difor blir dei dregne opp med snøscooter.

40–50 turar per dag

Og når dei kan nytte snøscooter, blir det mange turar nedover på ski.

– Dei har vel om lag 40–50 turar kvar per dag, i fire dagar. Det er supereffektivt, og dei er godt slitne når treningane er over.

Men det er også ei anna utfordring ved skisenteret. For snøen i midten av mai er ikkje som den ein gong var.

– Vårsnøen er veldig dårleg. Difor nyttar vi salt for å få i gang ein kjemisk reaksjon slik at han frys. Då blir snøen brukbar til å renne på.

Mykje salt reddar snøen

Salting i bakken

MYKJE SALT: Foreldre trør til denne helga. Her er det Britt Kari Vasstein som hentar salt som skal kastast på snøen.

Foto: Anders Neteland

Heile to tonn med salt blir nytta i løpet av dei fire dagane samlinga varer. Dermed blir det god trening også for foreldre og trenarar som kastar ut saltet på snøen.

Neteland seier det er viktig med samlingar i nærmiljøet også når hovudsesongen er slutt.

– Dette er starten på neste sesong. Dei får øve på teknikken og i staden for å reise på skisamling til utlandet, så står vi på ski her ho. Det blir billegare og det er mykje nærare.

Talent får mengdetrening

Olianna Felde og Elias Felde

KJEKT: Elias Felde frå Breim tykkjer det bra med skitrening i mai. I bakgrunnen står Olianna Felde, også ho frå Breim.

Foto: Anders Neteland

Ein av dei unge og lovande alpinistane som set pris på samlinga, er Elias Felde frå Breim. Han er glad for å ha treninga i nærleiken av heimstaden.

– Det betyr mykje å sleppe å reise langt, og treningar om våren er annleis enn om vinteren. No frå vi øvd på teknikk. Det er veldig viktig, kanskje det viktigaste.

15-åringen som trenar eller deltek på konkurransar seks dagar i veka i sesongen, gjorde det bra i vinter. Han satsar også mot neste sesong, og er glad for at foreldre og trenarar gjer ein god jobb for å legge forholda til rette.

– Vi får mange turar i løpet av desse dagane. Og når snøen blir salta, kan vi ikkje klaga på forholda.

Skitrening i Hodlekve

PUST I BAKKEN: Her er gjengen samla til ein liten pause.

Foto: Anders Neteland