NRK Meny
Normal

Slik unngjekk statsråden «ein Jagland»

– Her tenkte eg at eg ikkje skulle ha eit bilete på Facebook der Pors- og Odd-fansen såg at eg gjekk med eit Sogndal-skjerf, seier Torbjørn Røe Isaksen frå Porsgrunn.

Torbjørn Røe Isaksen får fotballskjerf frå Einar Vatlestad

FOTBALL OG VALKAMP KAN BETY BRÅK: Torbjørn Røe Isaksen heldt Sogndal-skjeftet han fekk av lokallagsleiar Einar Vatlestad (t.h.), langt unna halsen under eit valkamparrangement i fotballbygda.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Val

– Alle heime i Telemark kunne jo ikkje sjå meg med eit Sogndal-skjerf rundt halsen.

Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen (H) fortel om ein episode på eit valkamparrangement i Sogndal tidlegare i sommar, som kunne ha blitt kinkig for statsråden – og skapt reaksjonar blant Pors- og Odd-fansen i Grenland.

Mot slutten av besøket reiste Høgre sin lokallagsleiar i fotballbygda seg; Einar Vatlestad ville gi partifellen ei kjær gåve i kvitt og svart.

– Eg takka for at han kom, gav han eit Sogndal-skjerf og sa at det sikkert ikkje var hans lag, men at iallfall fargane var rette.

– Kva hadde skjedd viss Pors- og Odd-supporteren Røe Isaksen i all høflegheit hadde teke skjerfet rundt halsen?

– Au, då hadde eg angra på at eg hadde gitt han det, ler Vatlestad.

«Ein Jagland»

I tidlegare valkampar har politikarar tabba seg ut på fotballbana.

Før stortingsvalet i 1997 besøkte dåverande statsminister Thorbjørn Jagland Nils Arne Eggen i Rosenborg-brakka. Der kledde Ap-politikaren frå Lier, nabokommunen til Drammen med topplaget Strømsgodset, på seg kapteinsdrakta til Rosenborg.

Thorbjørn Jagland valkamp Rosenborg-brakka

EKSKLUDERT: Statsminister og Strømsgodset-supporter Thorbjørn Jagland trekte i Rosenborg-drakta før stortingsvalet i 1997. I valkampen to år etter gjekk han med Rosenborg-sjef på Lerkendal. Då fekk GodsetUnionen nok.

Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix

I valkampen to år seinare fekk supporterklubben til Strømsgodset nok. Då stilte Jagland med Rosenborg-skjerf i ein fjernsynssendt kamp mot Molde.

– Når du er fotballsupporter, tek du eit val for livet, sa leiar Thomas Melby i GodsetUnionen til Drammens Tidende den gongen, og Jagland blei ekskludert frå supporterklubben.

Ein slik brølar ville Røe Isaksen unngå då han tok imot Sogndal-skjerfet. Det heldt han i handa på trygg avstand frå kroppen:

– Eg skulle ikkje ha eit bilete på Facebook, der alle Porsrane og Oddrane såg at eg gjekk med eit Sogndal-skjerf. Det kunne nok ha vekt nokre reaksjonar, smiler Røe Isaksen.

Unngjekk supportertabbe

Fotballen er Norges mest populære sport. Det gjer det freistande for nokre politikarar å vera i nærleiken av ei fotballbane i valkampen, men Røe Isaksen er ikkje blant dei som følgjer mest med på fotball:

Einar Vatlestad, leiar i Sogndal Høgre

STERKE KJENSLER: – Hadde Torbjørn teke skjefet rundt halsen, hadde eg angra på at eg hadde gitt han det, ler Einar Vatlestad, leiar i Sogndal Høgre.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

– Eg prøver heller ikkje å lata som det. Men eg kjøpte supporterskjerf då Odd var i cupfinalen for nokre år sidan. Det har med røter og identitet å gjera. Men så er det nokre i Porsgrunn, der eg kjem frå, som blir sure, fordi dei meiner at du ikkje kan heia på både Odd og Pors, men det skal eg klara, smiler Røe Isaksen.

– Torbjørn takla det fint. Han takka for skjerfet, men sa han ikkje kunne ta det rundt halsen. Det har eg sjølvsagt full respekt for. For om Liv Signe (Navarsete frå Sogndal) hadde teke eit Rosenborg-skjerf rundt halsen, hadde ho fått høyra det her i Sogndal, ler Vatlestad.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.