Hopp til innhold

Slik unngår du peparkakehus-fiaskoen

Det finst mange juleprosjekt som ofte byrjar med gode, store intensjonar, men som endar opp med å bli eit mareritt. For mange kan peparkakehus vere eitt av desse.

Konditorar på Ferska Smakar i Førde bygger pepperkakehus

SJÅ VIDEO: Konditorane Gudrun Johanne Eikeland og Annette Hestad på Ferske Smakar i Førde viser korleis det skal gjerast. Dei kjøler ned deigen før dei skjer ut delane, og etter at delane er steikte. Då blir det mykje lettare å bygge.

Ingeniørane hjå SINTEF Byggforsk har prøvd å gjere det like lett å bygge peparkakehus som å danse. Dei laga ein rettleiar med forskrifter, for å hjelpe folk å unngå dei vanlege tabbane.

– Vi har prøvd å ta dei erfaringane vi har frå byggebransjen i litt større målestokk, og omsette det til eit språk som passar heime på kjøkkenet når gløggen står på komfyren, seier Sverre Holøs i SINTEF.

Bodskapen er enkel. Ein må planlegge prosjektet. Dei fleste byggeprosjekta strandar på grunn av dårleg prosjektering.

Vi inviterte eit knippe ingeniørstudentar på Høgskulen i Sogn og Fjordane til å gjere eit forsøk på å gå fagleg til verks og bygge etter forskriftene. Dei kan prosjektering med teikning og oppmåling.

Ingeniørstudentane gjer det dei kan best, i byggeprosessen. Nemleg planlegging.

SJÅ VIDEO: Ingeniørstudentane gjer det dei kan best – å planlegge godt, med teikningar og måling. Men er det nok til å lage fine peparkakehus?

Lever sitt eige liv

Med god planlegging på papiret, var utfordringa å overføre denne kunnskapen til deig. Det viste seg å vere eit ukjend materiale å arbeide med.

– Deigen eser når ein steiker den. Har ein ikkje planlagt for det, så passar ikkje ting saman, seier Sverre Holøs i SINTEF.

Han understrekar at det òg i byggebransjen er avgjerande å kjenne byggemateriala ein jobbar med.

Ingeniørstudentane jobbar med pepperkakedeig

SJÅ VIDEO: Det er no det vanskelege byrjar for ingeniørspirene. Kor tjukk skal deigen vere, og kor mykje vil deigen heve eigentleg? Peparkakedeig er ukjend materiale å jobbe med.

Må kjenne sin deig

Etter at alt var skore ut etter formene, gjekk det gale. For då deigen heva under steikinga, kunne ingeniørstudentane vinke farvel til presisjon og oppmåling. Då vart det vanskeleg å bygge.

Det er kjennskap til deigen som er nøkkelen til å få byggeprosessen til å gå etter planen. Nokon som kan sin deig er konditor Annette Hestad. Ho brukar minst tre dagar på å lage eit peparkakehus.

Ho lagar deigen éin dag, kjevlar ut og steiker deigen dagen etter, og bygger huset den tredje dagen. Fordi deigen må kjøle seg ned.

– Det er viktig at deigen er kald når ein kjevlar den ut og når ein skal skjere ut formene. Ein varm deig er for mjuk og kan strekke seg, slik at formene blir feil, seier Hestad.

Ingeniørstudentane prøver å bygge pepperkakehus med delar som ikkje passer saman

SJÅ VIDEO: Delane passar ikkje heilt saman, og er framleis litt mjuke etter steikinga. Men det blir byggverk til slutt!

Enkle byggverk – mykje pynt

Det er altså lurt å ha prøvd å steike deigen først, slik at ein ikkje blir overraska.

– Viss ein har gått hardt ut og lova barna ein skalamodell av Nidarosdomen så er risikoen for skuffelse ganske stor, seier Holøs.

Han meiner ein bør byrje med enkle geometriske figurar og lage ein pappmal som ein ser går i hop. Så kan ein heller vere kreativ med pyntinga.

– Det er kanskje hyggelegare å ha med familien på litt maksimalistisk pynting av enkle byggverk, heller enn at mor og far skal leve ut alle sine arkitektambisjonar, første gang, seier SINTEF-ingeniøren.