Hopp til innhold

Slik unngår du å bli støttemedlem på treningssenteret

Fem dagar inn i det nye året, er det nok mange som har nyttårsforsett om å trene meir. Men gode intensjonar kan fort ende må bli berre det, gode intensjonar.

Knebøy med hopp, start

HA EIN PLAN: Yngve Andersen meiner det er viktig å legge planar for trening også når kvardagen er hektisk.

Foto: Anders Leines / NRK

Vi har lagt bak oss ei høgtid som for mange er prega av mykje god mat, og kanskje i minste laget med mosjon.

– For dei fleste så er det naturleg å ete mykje og trene lite når ein har moglegheit til det, seier treningsguru Yngve Andersen.

Etter nyttår går mange høgt ut med nokså ambisiøse treningsopplegg, men det kan også straffe seg.

– Først og fremst for at det kan vere vanskeleg å behalde det voldsome nivået ein legg seg på dei to første vekene, seier Andersen.

Mange vil trene

På treningssenteret i Sogndal merkar dei trykket frå dei som skal kome i aktivitet igjen etter nyttår.

Mathias Meløy

NYTTÅRSFORSETT: Mathias Meløy som satsar på å kome i betre form i det nye året.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

På ei tredemølle spring Mathias Meløy, med eit 20 minutt gamalt medlemskap på treningssenteret.

– Ein kompis spurde om eg ville vere med ut å trene. Det tenkte eg kunne vere greitt sidan det no var så lenge sidan eg hadde trent skikkeleg sist, seier Meløy.

– Er det eit nyttårsforsett om å trene meir som gjer at du har valt dagen i dag til å melde deg inn?

– Ja, det var vel halvveges slik, ler Meløy.

Øyvind Brennset og Christine Holmgren

TRENING: Øyvind Brennset og ChristineHolmberg jobbar ved treningssenteret i Sogndal.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Ny start

Mange tenker på januar som ein ny start, og eit godt høve til å kome i gang med trening.

– Dersom vi ser på treningsbransjen under eitt, så er det mange med nyttårsforsett som kjem no. Men her i Sogndal har vi ei aktiv og sprek bygd der mange trenar fast heile året, seier Christine Holmberg ved treningssenteret i Sogndal.

Ho seier det naturen og ikkje sofaen som er den største konkurrenten for dei.

– Folk er glad i snø og ¨gå i fjellet, og er flinke til å bruke naturen, seier Holmberg.

– Så de jublar når det er grått og trist ut og snøen lett vente på seg?

– Vi blir glade for alle som kjem og trenar hjå oss, ler Holmberg.

– Legg ein plan

For dei som etter kvart byrjar å kjenne på at det manglar litt på viljestyrken til å halde på det ambisiøse treningsopplegget ein la opp til i starten av januar, har Andersen ein modell som kan hjelpe.

– Ein må ha ein plan A, B og C, seier Andersen.

Det inneber at ein må vere klar over på førehand at det kjem til å kome skjer i sjøen som kan gjere det vanskeleg å gjennomføre treninga slik ein hadde sett føre seg.

– Det kan vere ungar som vert sjuke eller ein må jobbe overtid eller husbygging. Då er det viktig å ha planar klare som gjer at ein i alle fall kan få trent litt. For all aktivitet er betre enn ingenting, seier Andersen.