Hopp til innhold

Svindlarane stod over Helge medan han måtte overføre 50.000 i nettbanken

Helge Dyrrdal i Ortnevik er framleis skjelven etter møtet med knivsliparane som ville ha 160.000 kroner for ein jobb han aldri hadde bestilt.

Helge Dyrrdal

I KASSE: Slik fekk Helge Dyrrdal att verktøyet sitt, i ei plastbalje, fullstendig isundskrudd.

Foto: Vegar Erstad/privat / NRK/privat

– Eg var vekk på ein jobb hjå Brødrene Aa denne veka. Onsdag fekk eg ein telefon i 13-14-tida frå sonen min som hadde fått besøk av ein mann på verkstaden, fortel Helge Dyrrdal.

Han er eigar og innehavar av Ortnevik Tre, og jobbar både med å lage spesialting til folk, men også ein del opp mot båtindustrien når det gjeld innreiing.

Verkstaden er stengd no sommarstid, og sonen var berre i nærleiken og dreiv med anna arbeid.

– Så presenterer ein mann seg som slipar av slikt utstyr som vi brukar. Eg seier at sidan eg ikkje er heime, så er det heilt uaktuelt. Då blir han veldig pågåande, og forklarar og styrer om kor bra dette er, seier Dyrrdal.

Nekta å ta nei for eit nei

Mannen i telefonen vil ikkje gi seg, uansett kva Dyrrdal seier.

– Eg ville ikkje gi slepp på noko utstyr, for sonen min har ikkje oversikt over kva vi har, sidan han ikkje jobbar der. Eg seier difor at eg kan eventuelt viss det er aktuelt, sjå etter i helga, og så kan han få det på måndag, dersom det er aktuelt, seier Dyrrdal.

Men mannen vil ikkje gi seg, og då seier Dyrrdal til slutt at han kan sjå på noko stål som heng i ein reol, og at han vil ha ein pris.

– Eg sa at han ikkje skulle gjere noko, utan at eg hadde fått ein pris, seier Dyrrdal.

(Artikkelen held fram under biletet)

Slipt utstyr

ØYDELAGT? Helge Dyrrdal veit framleis ikkje om det er råd å få verktøyet i hop att slik det skal for å få det til å fungere.

Foto: privat

Saumfor verkstaden og tok med seg haugevis

Men det mannen då gjorde, var at han tok med seg det omtala stålet, men også store mengder med forskjellig utstyr frå verkstaden.

– Mannen hadde med seg ein yngre gut, og dei rota og for rundt alle stader. Sonen min gjekk etter dei, og sa at dei ikkje fekk lov til det. Han hadde endå til stoppa dei på veg ut. Men likevel fekk dei med seg ein heil del, fortel Dyrrdal.

Avtalen var at han skulle ha ein pris på tinga.

– Han opplyste om at det kosta 35 kroner per centimeter herding og sliping. Noko anna opplyste han ikkje om der og då, så avtalen er at han skal gi ein pris, seier Dyrrdal.

Sa at "det vart veldig dyrt"

Torsdag vert Dyrrdal ringt opp att av slipemannen i morgontimane.

– Vi snakkar om under eitt døgn etter at han hadde vore der. Då påstod han at han var nesten ferdig med jobben, og at det kom til å bli veldig dyrt. Då fekk jo eg sjokk. For det første hadde eg jo ikkje bestilt jobben, det var jo berre snakk om å få ein pris, seier Dyrrdal.

Han seier då til mannen at han ikkje kunne halde på på den måten, og at han heller ikkje ante kva mannen hadde teke med seg frå verkstaden. Då sliparen så byrja å ramse opp kva han hadde teke med seg, skjønte Dyrrdal etter kvart kva dette måtte dreie seg om.

– Eg forstod då at det var snakk om rett og slett utpressing og svindel. Eg sa at eg måtte ha alt levert tilbake før helga. Han ville då levere det allereie torsdag, seier Dyrrdal.

Leverte verktøyet i ein plastbalje

Dyrrdal gav då beskjed om at det ikkje passa, sidan han ikkje ville vere tilbake frå jobb før seint torsdag, eventuelt fredag føremiddag.

– Det høyrdest ut til at det vart veldig problematisk for han. Vi gjorde då ei avtale om at han skulle vere her i 14-14.30-tida. Han dukka opp 14.30, fortel Dyrrdal.

Men slipemannen var slett ikkje åleine.

Helge Dyrrdal

SKREMMANDE: Helge Dyrrdal legg ikkje skjul på at hendinga pregar både han og familien.

Foto: Vegar Erstad / NRK

– Han hadde med seg tre andre personar, fordelt på to bilar, for å levere det han hadde teke. Dei kjem då tilbake med alt utstyret, store mengder, lempa opp i ein plastbalje, seier Dyrrdal.

Han fekk fullstendig hakeslepp då han fekk sjå verktøy for mange hundre tusen liggje fullstendig isundskrudd i baljen.

– Eg fekk sjokk. Dei hadde skrudd sund alt, seier Dyrrdal.

Skulle ha 160.000 kroner

Ein del av verktøyet som Dyrrdal brukar i bedrifta si, er utstyr som står på system, og som må leverast tilbake slik, elles er det ein heil jobb å spore opp korleis det har vore montert i hop.

– Det er som om du har levert ein motor til reparasjon, og så får du han att i delar, seier Dyrrdal.

Han ber mennene om å setje alt i hop att slik som det var, men det kunne ikkje dei vite, sa dei.

Så kom prisen opp.

– Dei skulle ha 160.000 kroner overført med ein gong. Eg fekk ikkje att noko som helst, før pengane var overført, seier Dyrrdal.

– Då vart eg i dus på kva eg skulle gjere vidare. Men eg var redd dei skulle reise med alt utstyret eg hadde. Då hadde vi vore heilt sjakk matt, seier Dyrrdal.

Nemnde Bingo-attentatet og Karoli

Han klarte, utruleg nok, å halde hovudet nokolunde kaldt, og tenkte at han var nøydd til å forhandle. Men då tok dei fire karane, som snakkar gebrokkent norsk, til å truge.

– Dei fortalde at dei var involverte i Bingo-attentatet i Oslo, og i Karoli og den gjengen, og ein del slike ting drog dei fram, seier Dyrrdal.

Ferda gjekk så inn på kontoret, og forhandlingane heldt fram, utan at dei klarte å bli samde.

– Så tok dei til å hisse seg så veldig opp. Det var nesten så det vart fysisk, seier Dyrrdal.

Lause delar

IKKJE ATTKJENNANDE: Mykje av verktøyet er så isundskrudd, at det mest er uråd å vite kor det høyrer til.

Foto: privat

Medan dette stod på, kom fleire av Dyrrdal sine familiemedlemmer til. Mellom anna borna og foreldra hans. Også feriegjester, som for tida er i Ortnevik, tok turen for å sjå kva det var som førte til slikt ståk.

– Folk skjønte at dette vart gale. Eg prøvde å halde hovudet kaldt lenge, for at dei ikkje skulle stikke av, seier Dyrrdal.

Ville ha 100.000 i kontantar

Under hardaste taket kom ein av svindlarane med kronsitatet om at viss ikkje Dyrrdal betalte, fekk dei ta å ringje politiet.

– Ja, lat oss gjere det, sa Dyrrdal og dei andre som var til stades.

Men då fekk svindlarane det travelt med å pushe på vidare.

– Dei hadde sikkert ikkje venta det svaret, for då vart dei forferdeleg vanskelege att med ein gong. Det var tydeleg at dei ikkje ville ha politiet inn i biletet, seier Dyrrdal.

Då sliparane forstod dei ikkje fekk 160.000, ville dei ha 100.000 kroner i kontantar.

Hadde sjekka bakgrunnen hans

– Det som var skremmande, var at dei sat med informasjon som indikerte at dei hadde sjekka opp både meg og bedrifta i forhold til likviditet. Samt at dei visste at vi var plasserte i ein utkant. Det var rett og slett ubehageleg når dei tok til å dra fram slike ting, seier Dyrrdal.

Enden på visa var at han til slutt kjende seg pressa til å løyse ut verktøyet for den nette sum av 50.000 kroner.

– Eg var redd det skulle ende gale. Både eg og fleire av dei andre som stod der, vart trua. Dei skrytte på seg kurs i både karate og ein del andre kampsportar, så det var frykteleg ubehageleg, seier Dyrrdal.

I bøtte

LAUSE SKIVER: Endå ei av bøttene som Dyrrdal fekk tilbake, fulle av laust utstyr.

Foto: privat

Dei ville ha kontantar, men Dyrrdal sa at han hadde ikkje fem kroner i kontantar, og at skulle dei ha pengar, måtte det bli per nettbank.

Hengde over skuldra i nettbanken

Medan dei fire mennene hang over skuldra hans, måtte Dyrrdal logge seg på nettbanken og overføre 50.000 kroner.

– Det var den einaste løysinga eg såg, for at det ikkje skulle ende opp i farlege situasjonar. Då dei fekk kvitteringen frå nettbanken, forsvann dei ganske fort, seier Dyrrdal.

Han ringde banken umiddelbart etterpå, men det var ikkje råd å få stoppa overføringa.

– Det hadde dei ikkje moglegheit til, seier Dyrrdal.

Han har mest ikkje ord for den kjensla han sit att med. Ei stund var han usikker på om han skulle ringje politiet.

– Ein del av dei trugsmåla dei kom med var skremmande. Når dei då refererer til attentat i Oslo og Karoli-familien, og at dei kjende til alt korleis slikt fungerte, så er det ikkje kjekt, seier Dyrrdal, og sukkar.

– Det kjennest nesten som ein draum, heile greiene, seier Dyrrdal.

Anar ikkje om verktøyet kan brukast att

For Ortnevik Tre får hendinga store konsekvensar.

– Ein del av det dei har øydelagt er ting som er avgjerande i produksjonen vår. Vi står litt sjakk matt nokre veker, seier Dyrrdal.

Han har ikkje oversikt over om dei isundskrudde delane i det heile kan nyttast, eller om han må kjøpe nytt utstyr.

– Eg veit ikkje. Slik det ligg no, er det ein heil jobb, berre å få nøsta opp i alt, seier Dyrrdal.

Dyrrdal klarte å få notert bilnummeret på dei to bilane svindlarane brukte.

– Politiet har iallfall det å gå etter, seier Dyrrdal.