NRK Meny
Normal

Slik trenar dei på ulovlege handlingar

VEVRING (NRK): Natur og Ungdom veit godt at sivil ulydnad ikkje er lovleg, men likevel gjer dei seg klare til nettopp dette.

Ungdomane i Natur og Ungdom trenar på sivil ulydnad i Vevring

.LENKAR SEG FAST: Leirdeltakarar frå Natur og Ungdom har dei siste par dagane øvd seg på sivil ulydnad.

Natur og Ungdom har i helga øvd på sivil ulydnad, og dei har fått hjelp av miljøaktivistar i Greenpeace. Dersom planane om fjorddeponi i Førdefjorden ikkje vert stogga, er ungdomane budde på å lenke seg fast på Engebøfjellet.

– Vi har fått inn erfarne aksjonistar som har gjeve oss tips og triks. Vi har øvd på å sitje i lenker og å bli borne vekk, slik som det mest sannsynleg vil vere dersom det blir ein reell situasjon, fortel leiar i Natur og Ungdom, Arnstein Vestre.

– Dette synest vi ikkje noko om

Dette er ikkje populært hos alle. Ordførar i Naustdal, Håkon Myrvang, er ein av dei som ikkje synest noko om planane om sivil ulydnad.

– Dette å hindre gjennomføring av lovleg fatta vedtak, det synest vi ikkje noko om. At ungdom har engasjement, synest vi er veldig flott, men vi støttar ikkje sivil ulydnad, seier han.

Han får støtte av Høgre sin stortingsrepresentant, Bjørn Lødemel:

– Eg håpar at folk respekterer vedtaka som er gjort og held seg innanfor det lova tillèt.

Trening på sivil ulydnad ved Førdefjorden

BUDD PÅ KONSEKVENSANE: Ungdomane er klar over kva dei risikerer, av både fengsel og bøter, dersom dei gjennomfører sivil ulydnad. Dei seier leiar i Natur og Ungdom, Arnstein Vestre.

Foto: Rune Fossum / NRK

Politiet: – Ikkje ulovleg å øve

Politiet ser ingen grunn til å gripe inn mot Natur og Ungdom sine øvingar mot sivil ulydnad.

– For enkelte alvorlege straffbare handlingar så er det straffbart å førebu seg, men ikkje av denne karakteren her, seier politimeister Ronny Iden.

Også Vestre held fast på at det ikkje er ulovleg å øve.

– Dette er ei form for tørrtrening. Deltakarane er fullstendig klare over konsekvensane det vil ha dersom dei gjennomfører dette på ordentleg. Vi har også hatt prinsippforedrag om ikkje-valdelege sivilt ulydige aksjonar, og vi har snakka om konsekvensane om å bli sett på glattcelle og i lag bøter, fortel han.

Forsvarar moglege lovbrot

Arnstein Vestre, Natur og Ungdom

FORSVARAR TRENINGA: Arnstein Vestre seier det er fullt lovleg å trene på sivil ulydnad. Han får også støtte frå politiet på dette.

Foto: Marie Stafsnes Osland / NRK

– Er det bra at de planlegg noko som ikkje er lov?

– Det å lenke seg for å stoppe Nordic Mining er ei mykje mindre forbryting enn det å dumpe gruveavfall i ein av dei reinaste fjordane langs kysten. Vi gjer det også med eit mål om å ikkje bryte lova, for eg trur ikkje det blir naudsynt å lenke seg. Eg trur politikarane vil ta til vettet, seier Vestre.

Sven Malmgren i Greenpeace seier han støtter ungdomane som no bur seg på ulovlege handlingar.

– Eg meiner at sivil ulydnad har vore med på å skape det demokratiet og det samfunnet vi har i dag. Alt frå kvinner og homofile sine rettar kjem frå sivil ulydnad og folk som står for det dei trur på. Om det finst folk som er klare for å lenke seg for å stoppe gruvedeponiet så er det opp til dei.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå