Hopp til innhold

Dei er samde om ein ting - dei blir ikkje samde

Som alle tidlegare rapportar, tek ordførarane Sven Flo (H) og Alfred Bjørlo (V) E39-avgjerda på Sunnmøre til sin fordel.

Alfred Bjørlo og Sven Flo

DEI ER SAMDE: Ordførarane Alfred Bjørlo (V) og Sven Flo (H) er samde om at dei ikkje blir samde. Begge meiner at E39-avgjerda på Sunnmøre talar for at E39 blir lagt gjennom

Foto: Fotomontasje:NRK

Stryn- og Eid-ordførarane har kjempa ein lang og hard kamp om å få E39 gjennom kvar sin kommune. Og vil halde fram med det til regjeringa seier siste ord, truleg over påske.

Men som alle tidlegare rapportar og utgreiingar, vert argumenteringa for Hafast-valet på Sunnmøre tolka på beste måte. Av begge ordførarane.

– Det er mykje positivt å ta tak i for styrkinga av indre alternativ, seier ordførar i Stryn, Sven Flo (H).

Jubel i Eid og Stryn

– Dei har nytta akkurat det hovudargumentet som er nytta i midtre Nordfjord, svarar ordførar i Eid, Alfred Bjørlo (V).

(Artikkelen held fram under lydklippet frå morgonsendinga)

Regjeringspartia var representert med Harald Tom Nesvik (Frp) og Helge Orten (H) då dei måndag kveld presenterte den første av to omstridde E39-trasear mellom Skei og Ålesund.

Nesvik og Orten

LA FRAM: Harald Tom Nesvik (Frp) og Helge Orten (H) presenterte E39-traseen på Sunnmøre.

Foto: Remi Sagen / NRK

På Sunnmøre stod det mellom Hareid Fastlandssamband (Hafast) og Festøy-Solavågen (Fefast). Begge med bruløysingar.

Valet fall på Hafast. Nesvik presiserte at dette ikkje la føringar for valet i Nordfjord.

– Eit klart val

Forkjemparane for dei ulike fjordkryssingane i Nordfjord har så langt tolka funne gode argument for sine prosjekt i dei fleste rapportar og utgreiingar som har kome.

Så gjeld også Hafast-valet på Sunnmøre.

– Regjeringa har gjort eit klart val og gått vekk frå Vegvesenet sin gamaldagse metodikk, med berre å sjå kortsiktig nytte og vegteknikk. Dei har løfta blikket og gått for dei løysingar som utviklar større bu- og arbeidsmarknadsregionar, og dei investeringane som har størst samfunnsnytte på lang sikt, jublar Bjørlo i Eid.

Jubel også i Stryn

Eid-ordføraren legg til at indre og midtre trasé gir like lang reisetid til Volda, og vedgår at indre er ei rimelegare løysing.

– Men den gir relativt små regionale verknader. Midtre kuttar reiseavstand til sjukehus, flyplassar, gir kommunesamanslåing og skapar ein heilt ny bu- og arbeidsmarknadsregion, seier Bjørlo.

I Stryn er jubelen like høg etter at regjeringa gjekk for den lengste og dyraste løysinga på Sunnmøre.

– Regjeringa er veldig opptekne av god framdrift i høve til arbeidet med ferjefri E39. Sett i lys av at indre korridor mellom Skei og Volda opnar delar av denne 14. juni, så gjer dette at ein er godt i rute med å allereie ferdigstille ein stor del av traseen, seier han og meiner både Stryn og Hornindal er klare til å knyte seg nærare Gloppen, Jølster og Førde som ein større bu- og arbeidsmarknad.

Ulike logikkar

Flo legg til at næringslivet vart nytta som eit sterkt argument på Sunnmøre og dreg parallell til næringslivet, og då spesielt reiselivet, i Indre Nordfjord.

– Men vi kan ikkje ha ein logikk nord for Volda, der ein tenkjer større bu- og arbeidsmarknadsregionar og langsiktig nytte, og ein annan logikk sør for Volda, der dei tenkjer korleis gjere dette billegast og raskast mogleg og gje lita utvikling i Nordfjord, svarar Bjørlo.

Lenger oppe i artikkelen kan du høyre ordførarane sine reaksjonar på E39-avgjerda på Sunnmøre.