Hopp til innhold

Her tok dei transportøren med «buksa nede»

Vogntoget som like før jul vart stogga på Håbakken viser kor kynisk transportbransjen kan vere.

Vogntog stogga på Håbakken i Lærdal

STOGGA: Statens vegvesen demonterte langt på veg hytta til bilen for å finne den elektroniske boksen. Den låg i ein hengar i Sverige, men kontrollørane fann koplinga til boksen.

Foto: Statens vegvesen

I samarbeid beviste politiet og Statens vegvesen sine kontrollørar at eit utanlandsk firma fekk manipulert fartsskrivaren til føraren.

– Dette viser tydeleg korleis ting er sett i system, seier seksjonsleiar for køyretøy i Indre Hordaland og Sogn og Fjordane, Thormod Gausdal, i Statens vegvesen.

Firmaet organiserte

Tormod Gausdal

NØGD: – Vi fekk forklaringa frå føraren om korleis dette var gjort. Han viste oss vegen til slutt, seier Tormod Gausdal.

Foto: Anna Gyrti/NRK

Det er velkjent at yrkessjåførar, både norske og utanlandske, bryt med køyre- og kviletidsreglane. For å unngå reglane tuklar også enkelte med fartsskrivaren, som registrerer aktiviteten til køyretøyet.

Vogntoget som vart stogga i Lærdal, køyrde i to døgn med ein elektrisk boks som overstyrte fartsskrivaren.

– Boksen vart montert i Tyskland før han køyrde til Holland for å laste og returnerte til Danmark der han demonterte boksen. Så gjekk turen til Norge gjennom Sverige, seier Gausdal.

Skulle hatt vekekvil

– I denne perioden skulle føraren gjennomført vekekvil, som han er lovpålagt. I staden for å sende ein ny sjåfør, gav firmaet hans beskjed om å bruke boksen, seier Gausdal.

Vogntog stogga på Jessheim i 2015.

2015: Det same firmaet vart stogga og bøtelagd under ein kontroll på Jessheim. Då fann kontrollørane ein chip som føraren kunne slå av og på om han ikkje ynskte at fartsskrivaren skulle registrere aktiviteten til bilen.

Foto: Statens vegvesen

Kontrollørane ana uråd og fekk etter kvart forklaring frå føraren. Firmaet hadde gjeve han beskjed om å plassere boksen i ein hengar dei hadde ståande i Sverige.

– Det er tydeleg at dei ikkje vågar å gjere dette så mykje i Norge. For dei veit at vi er klare over det og at mange er tekne, seier han.

Førarar av norske vogntog bryt køyre- og kviletida mest.

HÅBAKKEN: Det er stor kontrollaktivitet ved trafikkstasjonen i Lærdal. Kontrollørane går grundig til verks for å finne ut om tungtransporten gjennom kommunen er forsvarleg.

Foto: Borgar Sagbakken

Aukande problem

Det er første gang at ein her i fylket beviser elektronisk manipulering av fartsskrivaren.

Administrerande direktør i Norges Lastebileier-Forbund, Geir A. Mo, seier problemet er utbreitt.

– Det er vanskeleg å finne ut av, men alle signal vi får frå kontrollplassar, transportørhald og i vår kontakt med andre land, seier at problemet er aukande, seier han.

Over 30.000 i bot

Leder for Lastebileierforbundet, Geir A. Mo.

HØGARE BOT: Geir A. Mo meiner det bør vere høgare bøter for manipulering av fartsskrivaren. – Ei høgare bot for selskap for denne type lovbrot vil vere eit kraftig incitament i å få på plass gode interne rutinar for å avdekke og hindre slik framferd, seier han.

Foto: Petter Larsson / NRK

Føraren i Lærdal fekk 12.000 kroner i bot og forbod mot å køyre på norske vegar dei neste seks månadane. Firmaet fekk 20.000 kroner i bot. Etter det NRK kjenner til, vart dei også bøtelagde på Jessheim i 2015.

Mo meiner bota burde vore høgare.

– Manipuleringa har eitt mål – å tvinge føraren til å køyre lenger enn lovverket tillèt. Det kan få alvorlege følgjer og er svært trafikkfarleg, seier Mo.

Må ha samarbeid

Gausdal veit at utanlandske firma krev at førarane opererer med fleire identitetar og sjåførkort, slik at dei kan køyre 15–17 timar i døgnet utan lovlege pausar.

Han trur firma i stor grad står bak når fartsskrivarar er manipulerte. Utfordringa er å bevise det.

– Førarane set mellom barken og veden. Dei kan miste jobben om dei fortel sanninga. Andre orkar ikkje meir og legg korta på bordet. Då er vegen kort til å melde firmaet, seier han.