Hopp til innhold

Slik tek han fotokarrieren til nye høgder

Kreativiteten han syner i videoen er blant det som har fått Thomas Morel signert som ambassadør hos ein av verdas mest anerkjende kameraprodusentar.

Thomas Morel frå produksjon på Vikafjellet

KAJAKK I FARTEN: Her susar kajakken mot fotograf Thomas Morel. Sjå meir i videoen lenger nede i saka.

Foto: DJI/Thomas Morel

Thomas Morel på Vikafjellet

TALENT: Thomas Morel på opptak på Vikafjellet.

Foto: Privat

Det ferskaste prosjektet kombinerer dronefilming og fotografering, og er eit samarbeid med kameraprodusenten Hasselblad og droneselskapet DJI. Men fotografen frå Feios i Sogn fekk frie tøylar, og då valde han mellom anna å ta ein kajakk og padlarar med opp på Vikafjellet.

– Det er litt min type stil å trekkje ting heilt ut av kontekst. Særleg fordi eg ikkje brukar digital manipulering. Då er det endå meir interessant om eg dreg realiteten ut av kontekst, seier Morel.

Signert som internasjonal ambassadør

Samarbeidet med Hasselblad har teke Morel eit langt steg vidare i karrieren. Han er no signert som den einaste norske av 22 internasjonale ambassadørar i selskapet som har stor prestisje knytt til namnet.

– Eg er ekstremt stolt. Det som er så kjekt er at merket eg alltid har sett opp til, verdset arbeidet mitt, og har lyst å knyte sitt namn opp mot det, seier sogningen, som opphavleg er frå Nederland.

(Droneflyging i video i samarbeid med Falkeblikk)

Morel har gjort seg godt kjend innan fotoverda i fleire år. For eit knapt år sidan var han éin av ti finalistar i konkurransen Hasselblad Masters, som Morel skildra som ein Oscar-nominasjon i denne bransjen.

Som ambassadør får han tilgang til det nyaste utstyret, og Hasselblad får bruke arbeidet hans. Men med unntak av to-tre oppdrag frå Hasselblad i året, held Morel fram som før.

Det er først og fremst ei anerkjenning å stå i rekkja av anerkjende fotografar, seier han.

– Det er ikkje noko økonomisk interessant for meg i det heile, men at jobben min får ein ekstra stor plattform er veldig positivt. Videoen frå Vikafjellet har blitt sett av mellom 250.000 og 300.000 personar.

Kajakk i puddersnø på Vikafjellet

KAJAKK I SNØ: Biletet frå Vikafjellet er ifølgje fotografen ikkje manipulert. Dei andre bileta i videoen er frå elva 'Laila Rapid' mellom Vinje og Voss, og det siste, undervassbiletet, er teke i Vetlefjorden ved eit tidlegare høve. Padlarane er frå Kayak Voss.

Foto: Thomas Morel

Hasselblad-sjefen: – Han kan nå langt

Administrerande direktør i Hasselblad, Perry Oosting, fortel at Morel er den yngste ambassadøren dei har, og at dei signerte han på grunn av kvaliteten han leverer.

– Han oppfyller den optiske kvaliteten på hans eigen kreative måte og eigne stil. Det handlar ikkje berre om utstyret, men om auget og komposisjonen. I hans tilfelle handlar det mykje om korleis han klarar å fange rørsle, seier Oosting.

Ann Kristin Flatland

HENG HOS HASSELBLAD: Biletet av Ann Kristin Flatland prydar veggen på hovudkontoret til Hasselblad i Gøteborg.

Foto: Thomas Morel

– Han er enno ung, men ikkje i høve til det han har fått til. Han er svolten på å gjere meir, og han er driven. Han kan nå veldig langt.

Og Oosting kan slå fast at det ikkje signerer kven som helst.

– Absolutt ikkje. Vi har berre rundt tjue ambassadørar verda rundt, så det er absolutt svært stort å ha ei slik rolle. Han er den yngste vi har.