NRK Meny
Normal

Slik tek elevane opp kampen mot mobbing

LEIKANGER (NRK): Verken elevar eller lærarar sa seg nøgde då 14 prosent av sjuandeklassingane opplyste at dei vart mobba. Ei sju punkt lang hugseliste vart løysinga.

Sigurd Myklebust

ELEVRÅDSLEIAR: Elevrådet har laga ei liste med punkt som medelevane møter i gang og klasserom ved Leikanger skule. – Hugselista heiter sei nei til mobbing, seier elevrådsleiar Sigurd Myklebust.

Foto: Sigrid Skjerdal / NRK

«Sei nei til mobbing» står det å lese på plakatane som fleire gonger for dagen møter elevane ved Leikanger skule.

Under overskrifta står det punktvis gode tips om korleis ein skal oppføre seg for skulen for at alle skal ha det bra.

– Det er punkt som alle kan prøve å gjere noko med, seier 10.-klassing, og elevrådsleiar, Sigurd Myklebust.

Positiv utvikling

Bakgrunnen for tiltaket er Utdanningsdirektoratet si elevundersøking frå i fjor. Ved skulen på Leikanger opplyste 14 prosent av sjuandeklassingane at dei hadde opplevd mobbing.

Nei til mobbing i Leikanger

PUNKTVIS: Elevrådet fekk laga denne plakaten, som heng i gangar og klasserom på Leikanger skule.

Foto: Sigrid Skjerdal / NRK

Resultatet var trist lesnad både for rektor og elevråd. No håpar dei derimot å vere på rett veg.

– Vi tykkjer at det har vore ei positiv utvikling, seier rektor Ingunn Marie Myhren og fortel at hugselista ikkje er det einaste grepet dei har gjort.

Tettare oppfølging

For i skulen sette seg ned for å finne ut meir om bakgrunnen for desse tala. Undersøkinga kan vere sårbar, då hendingar slår sterkare ut når det er små klassar. Skulen bestemte seg for å følgje opp klassane endå tettare opp.

Ingunn Marie Myhren

POSITIV: Rektor Ingunn Marie Myhren har eit positivt inntrykk etter tiltaka.

Foto: Sigrid Skjerdal / NRK

I fjor haust gjennomførte skulen ei ikkje-anonym undersøking knytt til mobbing. Ei undersøking der ein ikkje berre kunne krysse for «ja» eller «nei» på spørsmål om mobbing.

– Eg trur det er ein betre måte, at eleven faktisk må stå for det han seier, og skulen følgjer opp namn og alt, seier Myhren og legg til.

– Om nokon kjende seg mobba, følgde kontaktlærar opp den enkelte elev i elevsamtalen i etterkant, seier Myhren.

Har eit ansvar

Elevrådsleiar Myklebust trur dei eldre elevane kan gjere ein stor skilnad, og har eit ansvar for at dei yngre elevane har det bra.

– Vi kan ta i mot dei med eit smil og gjere slik at dei kjenner seg velkomne og ikkje er redde for å ta kontakt, seier han.

Etter jul kjem resultata av årets elevundersøking. Då vil både lærarar, rektor og elevar sjå om tiltaka har fungert.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.