Slik tek du flotte bilete av nordlyset

No er vi inne i det som blir kalla «nordlyssesongen». Har du eit godt kamera, kjem deg ut i naturen og ofrar litt nattesøvn, kan du sikre deg flotte og fargerike bilete.

­

­

Nordlyset fascinerer mange av oss når det dansar over himmelen. Fenomenet skuldast ein eksplosjon på sola, der sola kastar ein enorm skur med partiklar ut i verdsrommet.

Torje Bjellaas er fotograf i NRK og har dei siste åra jobba med dokumentarserien «Der ingen skulle tru at nokon kunne bu».

– Nordlys er utruleg fascinerande, seier han entusiastisk.

I serien han er med på å lage, følgjer dei folk gjennom eit år. Og når nordlyset kjem, er Bjellaas raskt på plass der det er mørkt.

– Du anar at det byrjar å gneistre litt på himmelen, og den beste plassen er i skogen eller til fjells. Du må i alle fall vekk frå gatelys og lys frå hus.

Droppar søvnen

Han brukar gjerne 20 minutt der auga får roe seg ned i mørket.

Torje Bjellaas på jakt etter nordlyset

FASCINERT: Her er Torje Bjellaas ute for å ta bilete av nordlys.

Foto: NRK

– Så kan du ane at noko skjer. Har du med fotoutstyr, kan du ta bilete med lang eksponeringstid. Slik får du verkeleg sett kva som beveger seg over oss.

Og når himmelen eksploderer i fargar og nordlyset dansar over himmelen, er det ikkje så nøye med søvnen.

– Eg berre må ut for å fange nordlyset.

For å førebu seg best mogleg, har Bjellaas lasta ned ein app.

Appen Aurora forecast

APP: På Aurora Forecast får du varsel med høge raude søyler på dei datoane som det ser ut til å verte nordlys. Nesten som ei vêrmelding

Nordlys i Jølster frå Instagram

SLIK BLEI DET: Flott nordlys i Jølster. Bilete blei teke etter at Bjellaas hadde sett på Aurora Forecast at det kunne bli nordlys.

Foto: Torje Bjellaas / NRK

– Han viser når det kan komme nordlys to veker fram i tid. Varselet er veldig presist, til og med i Sør-Noreg.

Klare og kalde netter

Han fortel at dei som bur i sør, ofte kan sjå på varsel for lenger nord.

– Det blir kanskje ikkje dei markante stripene som i Nord-Noreg. I sør blir det meir som lysbogar.

Det beste tidspunktet er frå oktober, gjerne med klare og kalde netter.

– Det er best med minst mogleg månelys. I Sør-Noreg må du vende blikket nordover. I Nord-Noreg vil du føle nordlyset rundt deg på alle kantar.

Set saman stillbilete til film

Men kva må til for å få gode bilete av det vakre synet?

– Bruk lang eksponering, og køyr opp ISO-en litt. Eit kamera vil klare å fange lyset betre enn auga våre, difor kan fargane bli klarare enn det vi ser.

– Er det forskjell på å filme og ta stillbilete?

– Har du eit lyssterkt kamera, kan du filme nordlys som bevegar seg. Men det blir litt meir kornete enn eit stillbilete. Tek du 1000 stillbilete i løpet av nokre timar., kan du sette dei saman til ein film etterpå.

Og det er nettopp dette Bjellaas ofte gjer.

– Eg tykkjer det er verdt ventetida, sjølv om det kanskje går tre-fire timar om natta.

Torje Bjellaas sine beste tips:

  • Finn eit vakkert område i naturen utan gatelys eller liknande
  • Ha utsikt mot nord utan fjell som står i vegen
  • Bruk eit kamera med moglegheit for å ta lange eksponeringar. Til dømes frå 1 sekund til 30 sekund
  • Favorittinnstillingane på kameraet er ISO320 til ISO640, for ikkje å lage støy i biletet. Eksponeringstid omlag 10 sekund. Det er sjølvsagt fristande å bruke ISO opp mot 3200 også, for då kan du operere med svært korte intervallar. Til dømes 3-6 sekund. Mange nye kameraer tåler det fint utan støy. Blendar må du nesten prøve deg fram på, men dei fleste bileta her i denne saka er teke på blendar 3,5. Ta gjerne eit nytt bilete kvart 12. sekund. Dersom du ikkje skal ha stjerner som ser ut som strekar, bør eksponeringstida vere låg.
  • Bruk gjerne eit vidvinkla objektiv. Bjellaas brukar Canon 10–22 for å fange dei vide rørslene til nordlyset. Det vandrar på store deler av himmelen, og det er vanskeleg å fange utan vidvinkel
  • Intervallometer – enkelt tillegg til kameraet som kan styre kameraet og ta eit bilete kvart sekund, eller kvart 15. sekund, alt etter kva som duger.
  • Solid stativ til kamera. Dette er viktig
  • Og så treng du tolmod. Mykje tolmod. Og nattesøvn må du ikkje vere avhengig av om du skal få gode nordlysbilete
  • Appen Aurora Forecast. Her får du varsel med høge raude søyler på dei datoane som det ser ut til å verte nordlys. Nesten som ei vêrmelding
Nordlys ved Gammelhjem på Sørøya
Foto: Torje Bjellaas / NRK