Hopp til innhold

Slik tek du betre mobilbilete på tur

Du treng ikkje det dyraste kameraet på marknaden for å ta gode bilete på tur. Med desse enkle tipsa kan du gjere bileta dine betrakteleg betre.

Siste utkast av Eirik volent som gjer fototips

SJÅ FOTOGRAFEN I ARBEID: Eirik Volent ved Zsoltsons Production viser korleis ein tek gode

– Ein kan ta kjempefine bilete med mobiltelefonen, også har ein den jo alltid med seg i lomma, seier Eirik Volent.

Saman med brørne Kjetil og Yngve driv han selskapet Zsoltsons Production, der dei spesialiserer seg på fotografering av skikøyring og anna sport. Skisesongen er godt i gang, og for mange kan det vere triveleg å ta vare på dei gode minna.

Tre gode råd

– Det er tre ting ein alltid burde tenke på når ein tek eit bilete, seier Volent.

Kom deg nærmare

nærmare

NÆRMARE: Bilete blir straks meir spennande når ein kjem seg nærmare

Foto: Eirik Volent

Når ein tek bilete langt ifrå motivet, kan det fort bli kjedeleg. Ved å vere tett oppe i den/det du skal fotografere, blir bilete straks meir spennande. Ein fyller biletramma og bilete blir meir dynamisk.

Perspektiv

perspektiv

SPENNANDE: Bilete av hoppet blei straks meir spennande frå eit lågare perspektiv

Foto: Eirik Volent

I mange tilfelle kan det lønne seg å eksperimentere med perspektiv. Det vil seie at ein ikkje tek bilete rett på i augehøgde, men plasserer kameraet over eller under motivet.

Det gylne snitt

Gylne

HARMONISK: ved å legge motivet i eit av krysningspunkta får bilete meir harmoni

Foto: Eirik Volent

Ved å plassere motivet litt ut til ein av sidene i biletflata, blir bilete meir harmonisk. På mange mobiltelefonar kan ein få fram eit "grid", som ein kan bruke til å sikte seg inn. Om ein da legg motivet på eit av punkta der linjene kryssar, ligg motivet i det gylne snitt.