NRK Meny
Normal

Slik tek dei kriminelle direkte frå frontruta

I Storbritannia kan bilistar dele dashbordvideo direkte med politiet. Uaktuelt i Norge, seier UP. Manglande teknologikunnskap, seier distributøren.

Dashbordkamera på bil i storbritannia

DASHBORDKAMERA: I delar av Storbritannia har politiet nyleg starta ei teneste der bilistar kan dele opptak frå frontruta, målet er å førebyggje kriminalitet og ulukker.

Foto: Nordic Base

Denne veka har NRK vist farlege trafikksituasjonar, dokumentert med dashbordkamera, som stadig vert meir populære i Norge.

Dashbordkamera i frontruta har lenge vore meir utbreidd i andre delar av Europa. I Storbritannia har politiet merka seg trenden og har teke i bruk teknologien for å få betre oversikt i trafikken.

Nettstaden til politiet i Storbritannia

SLIK SER DET UT: Nettstaden som oppfordrar bilistar til å dele video frå dashbordkamera.

Med prosjektet «Operation Snap» har politiet i Nord-Wales utvikla ei app-teneste som gjer det mogleg for bilistar å dele opptak med politiet.

– Ein lastar videoen opp i ein portal som politiet har tilgang til. Då kan politiet gå inn, velje plassering eller dato og få oversikt i sitt område, forklarer Robert Ingebretsen, dagleg leiar i Nordic Base, den norske avdelinga i selskapet som har utvikla tenesta.

Dei har følgt utviklinga i Storbritannia, og meiner teknologien også burde vere relevant og eit gode for politiet i Norge.

– Det kan ha ein preventiv effekt, det kan førebygge trafikkulukker og vil vere eit effektivt verkemiddel for å få tak i kriminelle.

Politiet i Storbritannia har blant anna tatt i bruk teknologien i etterforskinga av eit dødsfall i Derbyshire, der dei ber vitne dele dashbordvideoar frå området.

Runar Karlsen

SKEPTISK: Den norske UP-sjefen Runar Karlsen har ikkje like stor tru på dashbordteknologien som politiet i Storbritannia satsar på.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

Politiet: – Uaktuelt i Norge

UP-sjef Runar Karlsen meiner av prinsipielle grunnar at ei slik teneste vil vere uaktuell i Norge, og påpeiker at det er politiet si oppgåve å forhindre lovbrot i trafikken.

– Det kan sjølvsagt vere med på å oppklare saker, men det er ikkje heldig om folk vert meir opptekne av dette enn å passe på si eiga køyring. Mange apparat i dashbordet kan også utgjere ein sikkerheitsrisiko.

Han peikar også på utfordringar knytt til personvern og vil ikkje samanlikne situasjonen i Storbritannia.

– Dei har ein kamera- og overvakingsstrategi som overgår det vi har her i landet.

– Må vite korleis produktet fungerer

Ingebretsen i Nordic Base er langt meir teknologioptimistisk og er overraska over haldningane til politiet.

Robert Ingebretsen, dagleg leiar i Nordic Base AS

OPTIMISTISK: Robert Ingebretsen er dagleg leiar i Nordic Base som sel forbrukarelektronikk i Norge.

– Eg hadde ikkje venta den reaksjonen. I Storbritannia var det politiet som tok kontakt med oss for utvikling av teknologien, og ikkje vi som hadde eit mål om sal. Dei har skjønt at dette er ein teknologi som gjer deira jobb enklare.

Han meiner at kamera på dashbordet ikkje er forstyrrande for køyringa, og saknar betre kunnskap om teknologien blant politiet.

– Kameraet opererer automatisk og er ikkje noko ein opererer medan ein er ute og køyrer.

– Men ynskjer vi eit samfunn med meir og meir overvaking, går ikkje det ut over personvernet?

– Eg vil ikkje kalle dette overvaking, fordi det er private opptak som kan brukast i førebygging av kriminalitet eller som eigen dokumentasjon i forsikringssaker, seier Ingebretsen.

Farlege forbikøyringar er daglegdags for yrkessjåførar.

Sjå TV-saka om yrkessjåførar som dagleg kjem opp i farlege forbikøyringar.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå