Hopp til innhold

Tilbake der oppturen starta – tala varmt for Fair Play

I 2009 medverka han sterkt til at Jølster Fotball heldt plassen i 3. divisjon. Onsdag var Ruben Holsæter attende på gamle trakter for å takke for tida.

Ruben Holsæter på Fair Play-turnering

INSPIRERTE: Ruben Holsæter (t.h.) håpa å inspirere både unge og eldre til Fair Play under visitten hos gamleklubben.

Foto: Roger Johnsen

Førdianaren kasta onsdag glans over «gamleklubben» si eiga Fair Play Mix-turnering – ei turnering der alle fotballgrenser vert brotne.

På lån frå Førde medverka Ruben Holsæter sterkt til at Jølster heldt plassen i 3. divisjon, med sine tre mål, og langt fleire målgjevande pasningar, på 11 kampar.

– Det er litt spesielt. Det er nokre år sidan eg var her sist. Men det er kjekt, seier 23-åringen frå Førde.

Fekk tid og sjølvtillit

Skrur ein tida fem år tilbake, fekk den då 18 år gamle midtbanespelaren lite med speletid i moderklubben Førde. Dermed gjekk turen til divisjonskollega Jølster. Med Holsæter på laget sanka jølstringane 15 av sine 23 poeng.

Halvanna år, og 17. 2. divisjonsmål seinare, bytte han Førde si kvite og svarte drakt med eliteserielaget Sogndal si drakt i dei same fargane.

I dag er 23-åringen klar på at grunnlaget vart lagt i Jølster. No står han bokført med tre mål på 58 kampar i eliteserien.

(Artikkelen held fram under biletet)

Fair Play-turnering på Skei stadion

MANGE: Jølster kommune tel kring 3.000 innbyggjarar. Onsdag samla fotballgruppa 80 unge og eldre spelarar til fotballturnering.

Foto: Roger Johnsen

– Det var i Jølster eg la grunnsteinen for at eg skulle spele i Førde året etter. Eg fekk speletid og sjølvtillit. Opphaldet i Jølster betydde mykje for utviklinga mi som fotballspelar, seier han.

– Er returen til Jølster i dag ein slags «takk for tida»?

– Det kan du godt seie.

Måtte skvære opp

Holsæter seier han set Fair Play høgt i sitt eige virke som fotballspelar. Fair Play handlar om respekt for medspelarar, motspelarar, dommarar og andre aktørar på fotballbana. Dette gjeld spelarar, trenarar, foreldre og andre tilknytt klubben.

– Fair Play er viktig for meg. Ein skal ha det moro og kjekt med dei du spelar saman med, og du skal gå godt saman med lagkameratar, trenarar og alle i ein klubb. Det skal ikkje vere sure miner, seier han.

– Ser du på deg sjølv som ein Fair Play-spelar?

– Både og. Eg kan vere litt «kjeftete» av meg, men det er i kampens hete. Etter kampen er eg i alle fall ein Fair Play-spelar.

– Har du måtte skvære opp med spelarar etter kamp eller trening?

– Ja, det har eg måtte gjere nokre gonger, men det høyrer med. Det skal vere litt temperatur. Skal du vinne, så må du ville vinne. Men det som skjer på trening, det blir på trening.

– Ser opp til

Leiar i Jølster Fotball, Jarl Helle, tykkjer det er stats å få besøk av ein Sogndal-profil, med bakgrunn frå Jølster, på besøk. Klubben har to personar med Fair Play som hovudansvar. Turneringa er eitt av tiltaka.

Han ser ringverknader utover at ein eliteseriespelar talar for Fair Play.

– Her er mange unge spelarar som ser opp til Ruben og andre Sogndal-spelarar. At han har spelt på Jølster, viser at det er håp for unge spelarar frå små klubbar å nå fram, seier han.

Samla 80 spelarar

Fotballgruppa i Jølster har kring 350 medlemer, noko som er vel ti prosent av innbyggjarane i kommunen.

Onsdag var 80 spelarar i alderen 11 – 40+ samla til Fair Play-turneringa på Skei stadion.

– Her spelar seniorspelarar både frå damelaget og herrelaget, samt unge på eitt og same lag. Vi har spelarar frå asylmottaket på Vassenden, så her skal vi bryte barrierar og byggje bruer mellom kjønn, alder og nasjonalitet, avsluttar Helle.