NRK Meny
Normal

Slik svarte ordførarane på folket sine spørsmål

FØRDE (NRK): Det nærmar seg folkerøysting i fleire Sunnfjord-kommunar, og i andre ventar ein spent på resultatet frå innbyggjarundersøkingane. Tre av ordførarane fekk fredag bryne seg på spørsmål om kommunereforma.

Ola Teigen, Olve Grotle og Oddmund Klakegg

I STUDIO: Ola Teigen, Olve Grotle og Oddmund Klakegg måtte svare på spørsmål frå innbyggjarar i Sunnfjord.

Foto: May-Helen Rolfsnes / NRK

Her har vi samla nokre av spørsmåla og svara. I tillegg kan du høyre alle spørsmål og svar frå ordførarane i Flora, Jølster og Førde, som var med i NRK Sogn og Fjordane si ettermiddagssending.

Med det fokuset som er på å bygge opp sterke og robuste fagmiljø, kvifor skal vi tru at ikkje alt vil bli sentralisert til Førde?

– Rett og slett fordi vi meiner det går an å kombinere gode, sterke fagmiljø med at ein også kan arbeide desentralisert. Det ser vi på andre område, ikkje minst hos Sparebanken Sogn og Fjordane. Vi meiner det går godt an å harmonere med moderne måtar å arbeide på. Og eg trur at det er naudsynt å samle større fagmiljø, ikkje minst fordi at om vi skal kunne greie å rekruttere fagfolk i framtida, så er vi nøydde til å kunne skilte med større og gode fagmiljø, svarar ordførar i Førde, Olve Grotle.

– 90 prosent av dei som jobbar i kommunane er i førstelinetenesta, og der skal dei framleis jobbe. Det er dei andre prosentane som vi då vil samle meir på eit felles rådhus, legg han til.

Ola Teigen, Olve Grotle og Oddmund Klakegg

VIL LYTTE: Alle tre var samde i at dei ønskjer å lytte til råda frå folket, men Olve Grotle peikte på at det blir lettare di høgare oppslutnad det er rundt folkerøystingane eller innbyggjarundersøkingane.

Foto: May-Helen Rolfsnes / NRK

I intensjonsavtalen for liten SiS står det at alle kommunalt tilsette skal få behalde jobben med same stillingsprosent. Korleis skal ein då kunne spare pengar på til dømes administrasjon?

– Premissen i spørsmålet er at ein skal spare pengar, men det er feil premiss. Det som er grunnlaget for kommunereforma at vi skal skape gode velferdskommunar som er sterke nok til å møte utfordringane. Det er ikkje å spare pengar, men det er slik at organiserer ein seg på ein betre måte, slik vi har tenkt, så vil vi sikkert spare nokre pengar på toppadministrasjonen. Dei pengane kan vi bruke ute i førstelinjetenesta. I intensjonsavtalen er det slik at førstelinjetenestene, skular, barnehagar og så vidare, dei skal vere som i dag, seier Grotle.

Men ordførar-kollega i Jølster, Oddmund Klakegg, er usamd.

– Dette byggjer mykje på tru og håp. I dette med fagmiljø viser små kommunar at dei løyser oppgåvene betre enn større kommunar. Eg er veldig kry over at vi har eit høgt fagmiljø i Jølster. Vi produsere gode tenester og løyser nye utfordringar på ein framifrå måte. Då må ein ikkje snakke om at den einaste løysinga for å sikre framtidas fagmiljø er å samle dei i større einingar. Eg ser ikkje nokon grunn for at Jølster får betre tenester i ein større kommune, seier Klakegg.

Flora-ordførar Ola Teigen, meiner derimot at ein må tenkje annleis enn i dag.

– Eg meiner vi må organisere oss på ein heilt annan måte i framtida. I dag sit vi i fem ulike kommunestyre og stort sett ser vi ikkje lenger enn til vår eigen nasetipp. Nokon må løfte blikket, sjå dei overordna problemstillingane og kva Sunnfjord er tent med, i større grad enn hittil, seier Teigen.

Oddmund Klakegg, Olve Grotle og Ola Teigen

DEBATT: Dei tre ordførarane var ikkje einige om alt. Jølster-ordførar Oddmund Klakegg har heile vegen vore tydeleg på at han ikkje ønskjer samanslåing.

Foto: May-Helen Rolfsnes / NRK

Kva skjer vidare i Flora om det blir eit ja til å slå seg saman med ein eller fleire kommunar i Sunnfjord?

– Innan 1. juni skal Bystyret gjere eit vedtak på om ein vil slå seg saman eller ikkje. Dersom ein vel det, så skal det setjast i gang ei interkommunal nemnd som skal jobbe fram mot endeleg samanslåing i 2020, svarar Ola Teigen.

Korleis vil de vektlegge folket sitt råd?

– Vi skal leggje vekt på dette og sjølvsagt er det slik at di klarare tal ein får, di meir vil det bli vektlagt, seier Teigen.

– Vi har hatt brei politisk semje i Jølster at vi skal kome fram til enkle og konkrete alternativ ved ei folkerøysting. No har eg vore skeptisk til ei kommunesamanslåing lenge, men det har også vore viktig å få fram eit alternativ for dei som ønskjer ein større kommune. Vi spør innbyggarane våre om det som er mest realistisk. Eg er optimistisk på å få stor valdeltaking, og då vil legitimiteten til det rådet vi får bli viktig. Og eg som ordførar vil tilrå overfor kommunestyret det folket gir meg som råd, men det er kommunestyret som tek den endelege avgjersla, seier Klakegg.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser