NRK Meny
Normal

Slik svarte Liv Signe på kvifor E39-avgjerda let vente på seg

Trass i at kommunalminister Liv Signe Navarsete i april hevda at ei avgjerd om E39-trasé skulle komme i løpet av våren, er framleis ingenting klart.

Liv Signe Navarsete

VIL IKKJE SEIE NOKO: Kommunalminister Liv Signe Navarsete har ingen svar om når ein får vite kvar E39 gjennom Nordfjord skal gå.

Foto: Roald, Berit / NTB scanpix

Avgjerda om traséval var venta i april då Nasjonal Transportplan (NTP) kom, men det skjedde ikkje.

Då svarte Navarsete slik:

– Det er ikkje eg som styrer dei prosessane, det er det Samferdsledepartementet som gjer. Det kan ikkje eg svare deg på, men eg er klar på at det må skje i løpet av våren, sa Navarsete då.

Men kvar skal vegen gå?

Men no har våren både komme og gått, og framleis er det heilt i det blå kor E39 skal gå i Nordfjord.

– Det er viktigare å få ei god avgjerd, enn kva tidspunkt avgjerda vert teken. Det er ikkje teke avgjerd i nokon av dei andre konsekvensutgreiingane (KVU) på Vestlandet heller, bortsett frå Rogfast, som er komme noko lenger i prosessen. Korkje Hordaland eller Møre og Romsdal har fått avklart sine strekningar, så det er ikkje så spesielt som ein kan få inntrykk av, seier Navarsete.

Debatten kring E39 har gått høglydt lenge. NRK veit at det gjekk føre seg tøffe dragkampar mellom dei raudgrøne fram til seint på kvelden før transportplanen vart lagd fram. Men Ap og Sp klarte ikkje å bli samde.

(Artikkelen held fram under TV-saka)

Heile nordvestlandet ventar på kvar Europavei 39 skal krysse Nordfjorden. 
Kommunalminister Liv Signe Navarsete sa i mars at regjeringa skulle bestemme seg i løpet av våren. 
Men i dag blei Nasjonal Transportplan behandla i Stortinget, og drakampen i regjeringa held fram.

Drakamp om brukryssing av Nordfjorden.

Springande punkt på nordsida

Sp vil at E39 skal krysse Nordfjorden med ei bru over Anda-Lote, medan Ap vil ha tunnel gjennom Utvikfjellet, bru ved Svarstad i Stryn, og ei påkopling på den nyopna Kvivsvegen.

Eit springane punkt i dragkampen har også vore kvar E39 skal gå vidare på nordsida av fjorden i Anda-Lote-alternativet. Den såkalla S-en, der vegen svinga austover frå Lote og koplar seg på Kvivsvegen, skal vere lite aktuell no, fordi køyretida vert lenger.

Dermed har Stigedalen igjen sigla opp. Men det vil gi ein kostnadsauke på om lag to milliardar kroner meir enn ein indre trasé om Stryn kommune.

Fleire parti har etterlyst handling. KrF og Venstre gjekk for halvanna veke ut i lag for å krevje ei avklaring frå regjeringa om kvar E39 skal gå gjennom Nordfjord.

Dei meiner det er heilt avgjerande for å sikre regional utvikling og knyte regionen i hop. Samtidig la dei ikkje skjul på at dei meiner det midtre alternativet er det som bør veljast.

Høgre sentralt går derimot, ifølgje Fjordingen, inn for indre linje gjennom Nordfjord.

Vil ikkje seie noko

Statsråden kan ikkje seie noko om når ein kan vente seg ei avgjerd i saka.

– Det får tida vise. Som vanleg, når det gjeld regjeringsprosessar, så seier eg ingenting om det. Det får vi komme tilbake med når vi er klare, seier Navarsete.

– Men forstår du at folk i Sogn og Fjordane, og då spesielt i Nordfjord, går og ventar på dette?

– Det forstår eg. Men eg trur dei vil vere samde med meg i at det er viktigare med ei god avgjerd som tek vare på behova til Sogn og Fjordane både for veg, men også god regional utvikling. Og då må vi bruke den tida vi treng for å få vedtaket klart, seier Navarsete.

– Men dei fleste vil seie at det er velkjent at Arbeidarpartiet og Senterpartiet lokalt, og kanskje også nasjonalt, er usamde om kva som er den beste løysinga. Betyr det at ein av dykk, for å få ei avgjerd, må gje seg?

– Eg vil ikkje kommentere på innhald i korkje prosess eller sak. Det vil alltid kunne finnast løysingar som kan ta vare på fleire forhold i slike saker. Det må ein forsøkje å finne, også her, seier Navarsete.

Vil ikkje utsetje Nordfjord

I Møre og Romsdal har ein bedd om at ein no må dele ut desse ulike fjordkryssingane, slik at ein får fortgang i både Møre og Romsdal og Hordaland, og så får ein heller la Nordfjord vente.

– Er det aktuell politikk?

– Det er ikkje aktuell politikk. Eg vil då replisere til Møre og Romsdal at sidan dei er så ivrige på at ein skal bruke kortaste vegen gjennom Sogn og Fjordane, så må det same gjelde i Møre og Romsdal, at ein vel den kortaste og indre traseen. Så langt har eg forstått det slik at ein ønskjer å leggje E39 i ein ganske stor boge ut mot kysten i Møre og Romsdal, og det går ikkje heilt i hop med den intense lobbyen det har vore frå Møre og Romsdal om at ein skal ha ein rett og kortast mogleg trasé i vårt fylket, seier Navarsete.

– Er det fare for at vi må vente til etter valet for å få ei avgjerd?

– Det vil nok ikkje vere spesielt heldig, så saka er ikkje lagt vekk, saka er i prosess, seier Navarsete.

Har brent seg på å seie tidspunkt før

– Forventar du ei avgjerd før valet?

– Som sagt, når det gjeld prosessar i regjering, så kommenterer eg aldri på tidsaspekt. Det har eg brent meg på før. Sakene kjem når dei kjem, seier Navarsete.

– Men du sit så høgt oppe i dette systemet som partileiar og statsråd at du kan jo seie at denne må vi ha fram før valet?

– Kva eg har sagt, er éin ting. Kva eg vil seie til deg, er noko anna. Slik er det, seier Navarsete.

– Eg får bruke kreftene mine der eg skal bruke dei, nemleg i god dialog for å få fram eit godt standpunkt for Sogn og Fjordane, seier Navarsete.