Slik svarte Frank Willy Djuvik for seg i partiutspørringa

Fredag ettermiddag var Framstegspartiet og Frank Willy Djuvik i elden i partiutspørjinga i NRK Sogn og Fjordane. Her kan du sjå korleis han svarte for seg.

Frank Willy Djuvik frå Framstegspartiet måtte svare for seg i NRK Sogn og Fjordane si partiutspørring.

SLIK SVARTE DJUVIK: Her kan du sjå utspørjinga av Frank Willy Djuvik frå Framstegspartiet.

Vallogo

Nok ein gong stiller florøværingen som toppkandidat for det som no er blitt eit regjeringsparti.

Frank Willy Djuvik

SKAL I ELDEN: Fredag er det Framstegspartiet og Frank Willy Djuvik sin tur i partiutspørjinga i NRK Sogn og Fjordane.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Vi kjem til å plukke ut nokre få spørsmål frå publikum, og det er fleire måtar du kan kontakte oss i NRK på, dersom du har spørsmål til Frank Willy Djuvik.

  • Du kan bruke Facebook, Twitter eller Instagram

  • Bruk emneknaggane #nrksf, #nrkvalg og #nrkval

  • Send oss ein SMS med kodeord SF til 1987

  • Send oss ein epost til sf@nrk.no

Frank Willy Djuvik har vore ein aktiv del av opposisjonen i fylkestinget. Men kva er eigentleg hans løysingar på problema som fylket står framfor?

Regjeringa hans har bestemt at fylkeskommunen skal få betydeleg mindre pengar å rutte med. Kvar vil han kutte?

Erlend Blaalid Oldeide

LEIER VALSENDINGA: NRK-journalist Erlend Blaalid Oldeide leier utspørjinga av Frank Willy Djuvik.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

I vinter storma det i Sogn og Fjordane Frp, og fleire markante tillitsvalde var kritiske til Djuvik, og leiarstilen hans. Korleis forventar han at vi som veljarar skal ha tillit til han, når hans eigne har vore så kritiske?

Flyktningar i kommunane, bompengar og fjorddeponi har vore nokre brennbare tema i fylket i det siste.

I studio er det Erlend Blaalid Oldeide som stiller spørsmåla. Utspørjinga kan du høyre på nettradio, NRK P1 og sjå her på nettsidene nrk.no/sf fredag frå klokka 16. – 16.30.