Hopp til innhold

Slik spelar Sogndal i 2010

Sogndal møter nykommaren Ranheim i første serierunde i 1. divisjon neste år.

Mathias Eikenes

Mathias Eikenes spelte for Stryn mellom perioden i Sogndal og Ranheim.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Kampen går på Fosshaugane 5. april. Sognal møter same motstandar, då på bortebane, når serien blir avslutta 7. november.

- Åja? Såpass. Det var eit artig oppsett, seier tidlegare sogndalspelar Mathias Eikenes.

Let seg ikkje kombinere

Førre sesong fungerte sandensaren som superreserve for trøndelagsklubben. Det vart seks seriemål og nokre cupmål. Men retur til si tidlegare heimebane, Fosshaugane, blir det ikkje for medisinstudenten.

- Frå tida i Sogndal så veit eg kva som må til i 1. divisjon. Og det let seg ikkje kombinere med studiene. Det måtte eventuelt bli å gå ned til 50 prosent studier. Men eg har kome til at eg vil prioritere studiene, seier 24-åringen.

- Kva sa eg nei til?

Eikenes fekk åtte eliteseriekampar, sju cupkampar og 29 kampar for Sogndal i perioden 2004-2006. Før han kom til Ranheim, spelte han to sesongar i 3. divisjon med Stryn. Han har også kampar for aldersfastlagde landslag. Årets sesong vart ein gedigen opptur med opprykk for trøndelagsklubben.

- Når du ringer no, og fortel om oppsettet, så er det mest som eg lurer på kva i alle dagar eg har sagt nei til no. Det hadde vore artig å komme attende til 1. divisjon og Sogndal, seier han.

Følgjer på Nett-TV

- Eg har fått sesongkort med Ranheim, så elles får eg følgje med på NRK sitt Nett-TV, held han fram og vedgår at det nok vil krible i beina, spesielt når Ranheim og Sogndal skal kjempe om poenga. Om Eikenes set eit førebels punktum med Ranheim, har han ikkje planer om å legge fotballskoa på hylla.

- Det er for tidleg i ein alder av 24 år. Eg veit at det er 2. og 3. divisjonsklubbar som er interessert, så vi får sjå.