NRK Meny
Normal

Slik slappar hoppstjerna av etter sesongen

April er kvilemånad for dei norske landslagshopparane. Men Anders Fannemel droppar ikkje heilt skia sjølv om han skal slappe av.

Fannemel på topptur

FRI: - April er liksom feriemånaden vår. Då er det kjekt å gjere noko anna enn vanleg, seier Anders Fannemel, som laurdag prioriterte topptur i Jotunheimen.

Foto: privat

– Det er utruleg godt å gjere noko anna innimellom. Men det blir for langt mellom toppturane, så eg er ikkje veldig god. Men kjekt er det lell, seier honndølen, som laurdag kom seg høgt til fjells i Jotunheimen.

– Kva topp det var, er eg ikkje heilt sikker på. Det var litt spontant, og eg kasta meg med ein gjeng, seier Fannemel.

25-åringen har lagt bak seg ein god sesong, og er i full gang med å tenkje framover. Men han er klar på kva som var høgdepunktet i sesongen som gjekk.

– Heilt klart laggull i VM i skiflyging. Det er ekstra kjekt å lukkast når alle gjer det godt og vi kan dele sigeren. Det heng høgt, seier Fannemel, som også kunne notere individuell siger på merittlista denne sesongen.

Veldig skuffa over diskinga

Også det at han klarte å hamne på topp ti-lista samanlagt individuelt i verdscupen er noko han er nøgd med.

– Det var målsetjinga, og det klarte eg, seier Fannemel.

Men 2015/2016-sesongen var også prega av nokre nedturar og dårlege periodar.

– Mest skuffa er eg over at eg vart diska i Klingenthal. Og så vart det endå verre då eg vart diska i Engelberg tre veker seinare. Akkurat dét tykte eg var urettferdig, men slik er hoppsporten, seier Fannemel.

Anders Fannemel på treningssykkel

KLAR: - Eg er utruleg gira på neste sesong, seier Anders Fannemel.

Foto: Rune Fossum / NRK

I Klingenthal vart han diska fordi hoppdressen skal ha vore for vid rundt knea. I Engelberg hadde han ein annan dress, og hoppa kvalifiseringa utan merknadar. Men då han stod på start til 1. omgang, vart han diska.

– Og at eg hoppa meg ut av topp 6 under VM i skiflyging Kulm var lite kjekt. Men det er ikkje alt ein kan styre, seier Fannemel.

Har tru på norsk hoppveke

Han og leiinga for hopplandslaget er alt i full gang med å leggje planar for neste sesong. Då skal Fannemel sleppe litt meir opp.

– Eg har over tid trent ganske tungt i knebøy. Men no har vi bestemt oss for å trappe litt ned og heller få meir fart. Eg ser fram til å gå laus på eit litt anna treningsopplegg og trur dette blir bra, seier Fannemel.

VM i Lahti står som det store målet neste sesong, i tillegg til den tysk-austerrikske hoppveka.

– Og så ser det ut til at det vert norsk hoppveke også. Fire renn på to veker i Oslo, Lillehammer, Trondheim og Vikersund. Det trur eg kan bli bra, seier Fannemel.

Vegopning på Bergum i Førde kommune