Hopp til innhold

Slik skal Sogndal sentrum urbaniserast

3000 nye innbyggjarar fordelt på 500 bustadar over 110 000 kvadratmeter. Den største og mest omfattande områdeplanen i Sogndal kommune nokon gong skal no ut på høyring.

Skjermdump frå områdeplan for Campus Sogndal

BUSETNAD: Framlegg til korleis busetnaden på Campus i Sogndal kan bli i framtida.

Foto: Sogndal kommune

– Dette er ein veldig omfattande plan og det største planarbeidet vi har gjort på dette nivået, seier Cornelis Erstad i Sogndal kommune.

Han har leia arbeidet med den nye områdeplanen for Campus Sogndal som no skal ut på høyring.

Dette er ein plan for korleis området rundt skysstasjonen, og opp til Fosshaugane Campus skal utviklast. Planen er langsiktig og har eit tidsperspektiv på 40–50 år fram i tid.

Sogndal campus

FORTETTING: Her vert det lagt til rette for 500 nye bustadeiningar.

Foto: Rodeo Arkitekter AS

Over 100 000 kvadratmeter

I området mellom skysstasjonen og campus er det i den nye områdeplanen lagt til rette for 500 nye bustadeiningar. På campus er det opna for eit byggevolum på om lag 110 000 kvadratmeter. «Til samanlikning er Barcode i Oslo 300 000 kvadratmeter», står det i saksframlegget til forvaltningsutvalet i Sogndal kommune.

– Sånn som strategiane er no så vil Sogndal sjå nokolunde lik ut i forhold til utstrekning men ein vil ha langt meir massive strukturar innanfor sentrumsområdet, seier Erstad.

Det er viktig fordi det er eit mål at den forventa folkeveksten fram mot 2030 skal lokaliserast i sentrum av Sogndal, det er snakk om minst 3000 nye.

– Då er det viktig at ein bygger i høgda og brukar dei areala som ligg i sentrum og bruker dette i staden for jordbruksareal oppover i dalen, seier Erstad.

Miljøperspektivet er viktig

Nettopp omsynet til jordvernet er noko av det ordførar Jarle Aarvoll trekker fram nå han omtalar planen.

Jarle Aarvoll

GANG- OG SYKKELTRAFIKK: Jarle Aarvoll (Ap) er ordførar i Sogndal.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

– Dersom ein spreier sentrum for mykje, så vil det ta mykje meir jordbruksareal enn det elles ville gjort.

Planen baserer seg på data frå Statistisk sentralbyrå for tal på barnehageplassar og skuleplassar, og det er eit klart ynskje om å legge til rette for mest mogleg gang- og sykkeltrafikk.

– Det nok ofte lett å byrje med bilen sine behov, og dei køyrande sine behov, det skal jo også stettast. Parkeringsplassar og parkeringsløysingar er også viktig, men ved å starte med gangaksar og korte avstandar, så er det allereie der eit miljøperspektiv, seier Aarvoll.