Hopp til innhold

Slik skal Sogndal bli best på frikøyring

15 millionar kroner og eit nytt skitrekk skal lokke enda fleire skientusiastar frå heile landet til Sogndal.

Det planlagde Kambatrekket ved Sogndal skisenter.

PLANEN: Eit nytt skitrekk opp på Kambafjellet vil opne eit nytt og stort område for frikøyrarar på jakt etter den beste laussnøen.

Foto: Illustrasjon: Sogndal skisenter

– Dette skitrekket vil setje Sogndal på kartet som Noregs laussnø-destinasjon nummer ein. Enkelt og greitt. Eit nytt trekk vil løyse ut enormt store område der det vil vere mogeleg å drive skikøyring utanfor preparerte løyper, seier dagleg leiar i Sogndal skisenter, Per Odd Grevsnes, til NRK.

Per Odd Grevsnes

AMBISJONAR: Dagleg leiar i Sogndal skisenter, Per Odd Grevsnes.

Foto: Sigrid Skjerdal / NRK

Det er ingenting å seie på ambisjonane til sogndølane. Nettavisa porten.no skriv i dag om planane om å byggje eit nytt skitrekk opp til Kambafjellet 1220 meter over havet. Sogndalsdalen og fjella rundt er alt landskjende for det sogningane sjølve påstår er den beste laussnøen i heile landet. For både bygdefolk, studentar og frikøyrar er dalen alt eit mekka. Blant anna er det spela inn spektakulære skifilmar i dalen.

Dalen har også fått sin eigen fjellsportfestival.

Steinar Ned i Hodlekveskogen

ELDORADO: Sogndalsdalen er blitt eit eldorado for frikøyrar frå heile landet.

Foto: Bård Basberg / SGN

– Har ikkje råd til gondolheis no

No vil den daglege leiaren ta steget vidare.

– Vi har tidlegare hatt planar om å byggje ein gondolheis, og det kan kome seinare. Men i dag er vi nok ikkje store nok eller har god nok økonomi til å byggje ein slik heis dei næraste åra. Det kostar også mykje å drive gondol- eller stolheisar som skal frakte folk opp på fjellet. Då må vi ha mange folk på jobb, og det har vi ikkje råd til i dag. Difor satsar i første omgang på å byggje eit trekk med t-krok, forklarar Grevsnes.

Fri Flyt-redaktøren: – Kan bli det beste

Erlend Sande, redaktør for skibladet Fri Flyt, er sjølv ein svært erfaren og profilert frikøyrar. Han kjenner ikkje til planane anna enn det han har lese i avisa. Han understrekar at han difor ikkje kan seie noko om økonomi eller eventuelle konsekvensar for miljøet. Men som tilreisande skikøyrar helsar han planane velkomne.

Erlend Sande

FRIKØYRAR: Redaktør i Fri Flyt, Erlend Sande.

Foto: privat

– Eit nytt trekk vil opne endå meir terreng for skikøyrarar i eit av dei beste områda vi har i Noreg.

Sande meiner at Grevsnes ikkje overdriv når han seier at det nye trekket vil gjere Sogndal til eit av landets fremste reisemål for frikøyrar.

– Ja, viss du legg saman terrenget og snømengdene som plar kome i Sogndalsdalen, er eg einig i at dette absolutt vert det beste i Noreg.

Eit stykke igjen

Grevsnes understrekar at planane er i ein tidleg fase, og at det er først no jobben med å overtyde styret og få tak i pengar startar. Men om alt går rette vegen, kan byggjestart alt bli til neste haust.

– Men då skal det vere få skjær i sjøen. Det er ganske mange prosessar som må vere på plass før vi kan setje spaden i jorda, seier Grevsnes.