Slik skal konflikten løysast

Fylkesordførarane i Sogn og Fjordane og Hordaland har funne ei løysing dei meiner skal klare å løyse pengekrangelen om milliard-sum.

Fylkesordførarane Jenny Følling og Anne Gine Hestetun

HAR SNAKKA SAMAN: Ved å late ei mindre gruppe setje seg ned å diskutere og kome opp med eit forslag til korleis avtalen skal tolkast, meiner fylkesordførarane Jenny Følling og Anne Gine Hestetun at det skal vere råd å verte samde.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Ja, vi har begge ambisjonar om å verte samde, seier fylkesordførar Jenny Følling til NRK då vi spør om ho verkeleg har tru på at dei no skal verte samde.

Usemja som har oppstått dreier seg om kor mykje pengar Sogn og Fjordane skal få lov å halde for seg sjølv etter at dei to fylka har slått seg saman. I avtalen mellom dei to fylka står det at Sogn og Fjordane skal få lov til å behalde 1,5 milliardar kroner i eit fond som berre skal brukast i fjordfylket. Dette er først og fremst verdiar knytt til aksjeposten i kraftselskapet SFE og inntektene frå salet av Fjord1.

Vil ha særeige

På eit møte 8. mars rauk politikarane i dei to fylka i tottane på kvarandre då det oppstod usemje om korleis avtalen skal tolkast. Hordaland meiner at 1,5 milliardar er eitt absolutt tak på kor mykje naboen skal få ha i særeige, medan Sogn og Fjordane meiner at dette talet handlar om såkalla «bokførte verdiar».

No har dei to fylkesordførane snakka saman, og funne ut at dei til neste møte i fellesnemnda, 4. mai, vil be nemnda vedta at arbeidsutvalet får i oppgåve å finne ut korleis konflikten skal løysast. Dette skal skje i samarbeid med prosjektleiaren for storfylket og dei to fylkesrådmenne. Dei føreslår at det vert arbeidsutvalet si oppgåve å kome opp med eit forslag til vedteket for fondet.

– Må halde seg til vedtaka

Med andre ord vert det arbeidsutvalet som skal finne ut korleis avtalen skal tolkast. Målet er at dei skal leggje eit forslag fram for fellesnemnda innan utgangen av 2018. Men Følling har ikkje planar om å fire på kravet.

– Forslaget må vere innanfor alt vedtekne rammer og dei vedtak fylkestinga alt har gjort, seier ho.