Hopp til innhold

Slik skal Henrik (22) nå OL-draumen

Henrik Holmberg (Vik) har planen klar. Om to år skal han vere den beste mangekamputøvaren i landet. Og i 2016 skal han stå på startstreken når dei olympiske leikar kjem til Rio de Janeiro og Brasil.

Henrik Holmberg

AMBISIØST: Henrik Holmberg satsar på den mest krevjande greina i friidrett, mangekamp. No satsar han målbevisst mot OL i Rio de Janeiro i 2016.

Foto: Sander Heggheim / NRK

Etter to sesongar med skadeproblem, reiste Henrik Holmberg (22) i fjor til Augustana College i Sør-Dakota USA.

Vikjen er ikkje mellom dei med størst medaljeambisjonar når friidretts-NM startar i Kristiansand i dag.

– Min førsteprioritet er personleg rekord i både høgde og lengde, og så får eg ta plasseringane deretter, seier han.

Vil til EM og OL

For 22-åringen har sett seg større ambisjonar og mål enn som så. Hovudmålet er OL i brasilianske Rio de Janeiro i 2016. Første steg på vegen er å kvalifisere seg til EM om to år.

Holmberg har også god dialog med rådmannen i Vik, og håpar no å få kommunen med på laget i satsinga si. Slik som Ann-Kristin Aafedt Flatland.

– Då eg reiste til USA i fjor, så visste eg ikkje heilt kva eg gjekk til. Det var mange usikre variablar, men no er eg sikker på at det er dette eg vil. Eg har sett det kan gå, fortel 22-åringen.

Ti øvingar

Som seniorutøvar, var Holmberg komen til punktet der han måtte bestemme seg for å ikkje satse, eller å satse. Vikjen bestemte seg for det siste. I staden for å satse på enkeltøvingar, valde 22-åringen å satse på den mest krevjande ein kan drive med innan friidrett, mangekamp.

Her konkurrerer ein i dei ti øvingane 100 meter, lengde, kule, høgde, 400 meter, 110 m hekk, diskos, stav, spyd og 1500 meter.

– Eg kunne absolutt satsa på enkeltøvingar også, men dersom du har litt ambisjonar om å komme til EM eller noko slikt, så er det i mangekamp eg kan hevde meg best, seier han.

Allsidig utøvar

– Det er dette eg har hatt talent for. I starten var eg ganske allsidig med godt talent for fart og spenst. Så det er mogleg, legg han til og vedgår at satsinga vil krevje hard jobbing.

– Det er ti øvingar og fire år fram i tid, men eg må ta personleg rekord i dei fleste øvingar om eg skal til OL. Sprint, hekk og hoppøvingane har eg grei kontroll på. Eg trenar faktisk mest kast og stav for å nå opp mot eit nivå som er bra nok, seier han.

Og dagleg leiar i Norsk Friidrett Sogn og Fjordane, Narve Heggheim, meiner Holmberg har føresetnadene som skal til.

– Det er mange øvingar å bli god i, men Holmberg har eitt godt grunnlag, meiner han.

Framgang i alle øvingar

– Er det mogleg å bli god i alle øvingane?

Narve Heggheim

HAR TRUA: Dagleg leiar i Norsk Friidrett Sogn og Fjordane, Narve Heggheim.

Foto: Gry Brekke Hustveit / NRK

– Absolutt. Dei som kjem til OL beviser jo det. Men det er eit puslespel som må gå opp både i treningskvardagen og dei to dagane du skal konkurrere, seier Holmberg og held fram:

– Du må vere utruleg strukturert, ha planlagt godt og få god oppfølging på alle øvingar for å få det til. Ikkje minst må du ha trenarteam med kompetanse. Men slik som det ser ut no, så har det funka bra. Bortsett frå eit par skadar i april, så har eg hatt framgang i alle øvingar.

– Dette eg elskar

– Sist hoppa eg 2,02 i høgde, og det er ikkje alle i OL i mangekamp som hoppar to meter i høgde, held vikjen fram.

22-åringen har også bak seg ein periode ved universitet i Sioux Falls i Sør-Dakota. Her trena han i eit godt mangekampmiljø, med tidlegare utøvarar og trenarar. Opphaldet gjorde at han ville satse mot EM. No er altså målet OL.

– Eg såg at det kan gå. Ikkje minst elskar eg å trene friidrett, å legge bak gode treningsveker og sjå at framgangen kjem. At eg kastar lengre, at eg blir raskare og sterkare. Berre å sjå kor langt eg kan nå med den kroppen eg har. Det er verkeleg kjekt og motiverande. Det er dette eg likar å gjere, seier han.

Kjempar om medalje

Men før EM om to år, og OL om fire år, står altså NM for tur i helga. Mangekamp er ikkje del av meisterskapen, men 22-årige Holmberg er blant 17 friidrettsutøvarar frå fylket som stiller på startstreken. Av desse representerer tre utøvarar klubbar utanfor fylket.

Holmberg stiller til start på 110 m hekk, lengde og høgde. Sjølv om han ikkje skildrar seg som ein av dei heitaste medaljefavorittane, håpar han å i alle fall kunne kjempe om medalje.

– Eg veit at forma er der, sidan eg persa sist helg i høgde. Så då er det berre å klinke til og då kan vel alt skje, seier han.

– Kor høgt du om det skal bli medalje?

– 2,05 for å ta bronsen. Og det hadde eg nesten sist helg. Klarer eg 2,05, er eg uansett nøgd. Klarer eg medalje, så blir det bonus.

Trur på åtte NM-medaljar

Heggheim i Norsk Friidrett Sogn og Fjordane, meiner det er realistisk å håpe på åtte NM-medaljar til dei lokale friidrettsutøvarane.

Marte Rygg Årdal og Trude Raad

MEDALJE: Marte Rygg Årdal og Trude Raad stiller begge i NM denne helga.

Foto: Eivind Nordvik Hauge

Medaljekandidatane er Elin Isane, Trude Raad, Eivind Stavang, Øyvind Strømmen Kjerpeset, Steinar Kleppe, Kristiane Rygg og Merete Helgheim. I tillegg til Inger Anne Frøysedal og Joakim Urdahl som begge representerer klubbar utanfor fylket.

– Troppen er mykje mindre enn til NM på heimebane i fjor, så klarer vi åtte medaljar skal vi vere godt nøgde. Eg vil tru det er realistisk med ei til to gullmedaljar, seier han.

Jaktar rekord

Øyvind Strømmen Kjerpeset

KNALLFORM: Øyvind Strømmen Kjerpeset.

Foto: Privat / NRK

Han seier også at nokre krinsrekordar kan stå for fall. Strømmen Kjerpeset har dei siste månadene slite med ein skade, men sette likevel krinsrekord førre helg på 200 meter med 21,75.

I tillegg jaktar både Stavang og Jostein Fossøy krinsrekorden på 100 meter. Den er det Stavang som har, med tida 10,93. Fossøy skal ha levert svært gode 100 meterar på trening siste tida.

– Begge må nok ned med nokre hundredelar for å slå rekorden, seier Heggheim.