Hopp til innhold

Alexander satsar på verdsrekord - kjempar om plass på laget

Det blir truleg både blod, sveitte og tårer når det neste helg skal setjast ny verdsrekord i futsal. I 40 timar skal spelarane halde det gåande ute på bana. Ein av dei som kjempar om ein plass på laget er Alexander Gjørven (24) frå Stryn.

Alexander Gjørven

VIL I GUINNESS REKORDBOK: Stryningen Alexander Gjørven håpar å kome i rekordboka neste helg. Men først må han sikre seg ein plass på laget.

– Dette blir nok ganske tøft. Så får det heller vere at ein går rundt og er øydelagt i ei og to veker etterpå, seier Gjørven til NRK.no.

24-åringen frå Stryn håpar at han etter neste helg får namnet sitt i Guinness rekordbok. Lik mange av dei andre rekordane i boka er det på ein litt spesiell måte, og sjølvsagt på ein måte der både kropp og sjel blir sett på prøve.

Neste helg skal nemleg ein gjeng futsalspelarar prøve å setje ny verdsrekord i den lengste futsalkampen som har blitt spelt nokon sinne. Til no er rekorden på 37 timar, sett i Japan i fjor, men ein gjeng i Trondheim har planar om å gjere det betre. Og det vil Gjørven altså vere med på.

– Det hadde vore veldig moro, seier han.

– Skal halde det gåande i to døgn, nesten

Futsal er ein form for fotball, men den blir spelt på ei handballbane med ein ball som er mindre enn ein vanleg fotball. Ballen har også ein litt anna sprett enn ein vanleg fotball. Det er fem spelarar på kvart lag, ein keeper og fire utespelarar. Det er om å gjere å skåre flest mål i løpet av kampen.

Når ein skal prøve å setje verdsrekord i futsal er det derimot om å gjere å halde det gåande lengst, fortel Gjørven.

– Ein kjem til å rullere på laget, slik at ein til dømes spelar halvannan time, så ein time pause, og så spelar du litt til. Slik skal ein halde det gåande i to døgn, nesten, forklarar Gjørven.

Håpar å samle inn 150.000 kroner

Det er Futsal-nestor Stian Reinertsen som står bak kampen. Han er blant dei som har vore med å bygd opp futsalmiljøet i Trondheim, og gler seg sjølv stort til det som skjer i KVT-hallen neste helg.

Til Adresseavisen seier Reinertsen at dei håpar å samle inn 150.000 kroner med verdsrekordforsøket. Dette er pengar som skal gå til organisasjonen Aid in Action, ein organisasjon som støttar opp om skulegangen for barn i Zambia.

(Artikkelen held fram under biletet)

Alexander Gjørven kjempar om plass på laget

KAMP OM STEMMENE: Det er fredag kveld veldig likt mellom Alexander Gjørven og dei andre som kjempar om ein plass på laget.

Foto: skjermdump

Kjempar om plass på laget

Totalt er det 24 spelarar som skal få vere med å prøve å setje verdsrekord. 21 av desse er handplukka frå før, medan dei tre siste plassane er såkalla publikumsplassar. Det er ein slik plass Alexander Gjørven frå Stryn håpar å få.

24-åringen var ein av 17 personar som meldte si interesse for ein plass på laget, og desse 17 kjempar no om å få flest mogleg stemmer. Dei tre som har flest når klokka blir 24 i kveld får plass på laget. Gjørven seier det er fleire ting som gjer at han verkeleg håpar han får bli med.

– Det hadde vore veldig kult å hamne i Guinness rekordbok. Så kjenner eg fleire av dei som skal vere med, så det hadde vore gøy. Det er eit herleg initiativ, seier han og synst også det er flott at sporten på denne måten skal vere med å gje pengar til born i Zambia.

Må sove og ete undervegs

Gjørven har spelt futsal sidan han byrja studere i Trondheim i 2008, og ser føre seg at det kan bli to tøffe dagar for dei som skal vere med på verdsrekordforsøket neste helg.

– Ein kan ikkje forlate hallen, så ein må nytte seg av dei moglegheitene som er der til å for eksempel sove litt. Det skal også vere mat og fysioterapeut tilgjengeleg, seier Gjørven til NRK.no.

Kamp om stemmene

På Facebook-gruppa Verdensrekord i Futsal! 40 timars Futsalmatch i Trondheim, Sept. 2012 kjempar han no om ein av dei tre publikumsplassane på laget. Med knappe tre timar att til plassane er klare er det berre få stemmer som skil mellom Alexander Gjørven og to andre.

– Kvifor bør akkurat du få ein plass på laget?

– For den vanlege mannen i gata har eg ikkje noko meir å tilby enn kven som helst andre, vedgår Gjørven og legg til:

– Men dei som kjenner meg veit at eg ikkje har verdas beste balanse, slik at det kan bli veldig underhaldande på bana.

– I tillegg er eg ein god ambassadør for sporten sidan eg er ein fair play-spelar.