Hopp til innhold

Slik skal det nye studenthuset sjå ut

Bygginga av eit nytt studenthus i Sogndal kan starte innan eit års tid. Om alt går etter planen vil det romme den største konsertscena mellom Bergen og Trondheim.

Nytt studenthus Sogndal

TEIKNING: Slik kan det nye studenthuset i Sogndal bli sjåande ut.

Foto: SISOF

Randi Marie Sjøholt

DIREKTØR: Randi Marie Sjøholt seier at studenthuset vil koste 35 millionar kroner.

Foto: Magnus Gamlem/NRK

Sidan 1998 har studenthuset Meieriet i Sogndal sentrum vore samlingsstaden for studentane i bygda, og har etablert seg som ein av dei mest kjende konsertscenene langs vestkysten.

No vil derimot studentsamskipnaden få studenthuset nærare campus, og i framtida vil eit fem etasjar høgt studenthus ved sidan av høgskulen erstatte Meieriet.

– Dette har vore diskutert mykje og det var mange som reagerte då vi bestemte oss for å flytte studenthuset til campus, fortel direktør for Studentsamskipnaden i Sogn og Fjordane, Randi Marie Sjøholt-

Det var porten.no som først skreiv om saka.

35 millionar kroner

Nytt stundehus Sogndal

STUDENTHUS: I enden av denne gata skal studenthuset ligge.

Foto: SISOF

Allereie i 2007 forsøkte Studentsamskipnaden å kjøpe Meieriet, men fekk ikkje gjennomslag. Dei har difor hatt eit leigeforhold til bygget i sentrum. Sidan den gang har det derimot eksistert planar for å bygge eit nytt studenthus.

Detaljreguleringsplanen er for tida ute til offentleg høying, og det er mogleg at den må gjennom fleire høyringsrundar om det er nokon som har innspel eller synspunkt på planen.

– Meieriet byrjar å bli i dårlegare forfatning og det er behov for eit nytt studenthus ganske raskt. Vi har ein planprosess og bygger så fort vi kan, seier Sjøholt, som ikkje fryktar at studentane forsvinn frå sentrum.

– Studentane er i sentrum uansett. Der går dei på kafé og sentrum er jo handelssentrum i bygda.

Her kommer studenthus Sogndal

HAUG: Slik ser det ut der studenthuset skal byggjast i dag.

Foto: Magnus Gamlem/NRK

Studentsamskipnaden har ei leigekontrakt med Meieriet fram til 2024, men den kan seiast opp før. Totalkostnadane på det nye studenthuset vil kome på 35 millionar kroner.

– Det er det vi kan forsvare økonomisk av det vi har av inntekter. Går det ut over det, må vi søke om andre middel. Dersom bygget blir dyrare må vi kanskje sjå på størrelsen, seier direktøren.

Stor konsertscene

Studenthus Sogndal

CAMPUSNÆRT: 3D-teikningar av det nye studenthuset.

Foto: SISOF

I dag inneheld Meieriet både konsertlokale og kafé, og det er liknande planar for det nye bygget. I nedste etasje skal det vere ein konsertsal med plass til 750 menneskje, medan kaféen vil bli plassert i toppetasjen med utsikt over bygda.

– Vi vil ikkje at konsertlokalet skal vere for moderne, men prøve å behalde den stemninga som er på Meieriet i dag. Studentane trivast godt der, men har gitt uttrykk for at lokalet er litt for lite, seier Sjøholt.

Om ein får økt kapasiteten frå 550 til 750, vil det nye studentbygget huse den største konsertscena mellom Bergen og Trondheim. I tillegg til konsertscene og kafé, skal bygget vere kontor for studentorganisasjonane og Studentsamskipnaden sin administrasjon vil bli flytta dit.