Hopp til innhold

Slik skal dei takle ekstremvêr endå betre

Ekstremvêret Tor sine herjingar tok straum, telefon og internett frå fleire tusen. Tele- og kraftbransjen vedgår at beredskapen framleis kan bli betre.

Ekstremvêret Tor

STORE UTFORDRINGAR: Ekstremvêr er, og vil halde fram med å vere, ei utfording for tele- og kraftbransjen. Men under ekstremvêret Tor var beredskapen langt betre enn under Dagmar.

Foto: Ole Andre Rekkedal/Truls Kleiven/Kristin Blaalid / NRK

– Vi har gjort enorme tiltak, men å seie at vi ikkje kan få utfall framover, det trur eg ikkje eg torer å seie, seier dekningsdirektør i Telenor, Bjørn Amundsen.

Både ved Dagmar og Tor vart Vestlandet hardast råka. Under Tor var 64 av dei over 300 basestasjonane til Telenor i Sogn og Fjordane ute.

Vil ha full batterikapasitet

Bjørn Amundsen

VIL BLI BETRE: Dekningsdirektør i Telenor, Bjørn Amundsen.

Foto: Erik Hattrem

Amundsen seier Telenor-nettet er langt betre rusta no. Over to av tre basestasjonar i fylket har reserveløysingar med batteri som i snitt varar seks timar.

– Det er langt unna situasjonen under Dagmar. I tillegg har vi mykje tettare forhold til entreprenørane. Vi går i beredskap på eit mykje tidlegare tidspunkt og kan starte feilrettinga tidlegare, seier han.

Særleg Vestlandet har vore i fokus for slike løysingar, ifølgje Amundsen. Likevel skal dei bli betre, og eitt av måla er at alle basestasjonane skal ha batteri.

– Det er målet, og så får vi sjå om er praktisk mogleg å gjere det på kvar einaste stasjon, men i prosent trur eg vi kjem opp på det talet innan tre år, seier Amundsen.

Men det i seg sjølv er ikkje nok. På fleire sentralen, som til dømes den i Rutledal i Solund der Tor råka telenettet hardast, har Telenor planar om å få på plass bensinaggregat, som automatisk slår seg på når straumen forsvinn.

Amundsen seier ei utviding av batterikapasiteten for dei som har ein kapasitet på heilt ned i to timar, kan bli aktuelt å byte.

– Det kan godt hende vi kan gjere, og nokre stader vi har gjort det. Men det er ikkje berre å hive inn det eine batteriet etter det andre. Det skal vere plass til det. Andre stadar ser vi på bruk av mellombels aggregat, og nokre stadar ser vi på faste aggregat, som til dømes på sjukehus.

Bølgjer i Bremanger
Foto: Svenn Petter Kjerpeset

– Feil er uunngåeleg

I arbeidet med å gjere nettet meir stabilt for uvêret som Norge får meir og meir av, er det tett samanheng mellom telenettet og kraftbransjen. Amundsen seier samarbeidet er godt, men vedgår at det er ei problemstilling. Kraftbransjen sjølv jobbar for å bli betre.

– Vi skal sjølvsagt vere audmjuke for det som ikkje har fungert, men eg synest det har vore ei god utvikling, seier Asgeir Aase, distrikttsjef for Kraftforsyningens beredskapsorganisasjon.

Asgeir Aase, SFE

STYKA STRAUMFORSYNING: Det meiner Asgeir Aase i Kraftforsyningens beredskapsorganisasjon.

Foto: Johan Moen / NRK

Fokuset på forbetring har kvilt på fleire stolpar; skogrydding, og derav opnare landskap rundt kraftlinjene, beredskap, samband og robust nybygging.

– Men når ein verkeleg har kreftene mot seg, så vil feil skje. Det vil vere heilt uunngåeleg. Det vil koste for mykje å førebygge i høve til alt, seier Aase.

Eit kostnadsspørsmål

Fylkesberedsskapssjef i Sogn og Fjordane, Haavard Stensvand, er samd.

– Det er nok meir stabilt enn nokon gong, men eg trur aldri at vi kjem dit at tele- og straumleverandørane kan love oss hundre prosent leveranse.

Fylkesberedskapssjef Haavard Stensvand

ALLTID RISIKO: Vi må leve med feil, seier fylkesberedskapssjef Haavard Stensvand.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Likevel presenterer dei stadig ei ønskjeliste.

– Det må vi ikkje slutte med. Men så er jo sjølvsagt dette eit spørsmål om forbrukarane er villige til å betale det slikt kostar. Same kor lang ønskjelista er så trur eg vi uansett står att med ein restrisiko, og det må vi ha tenkt gjennom korleis vi skal leve med.