Hopp til innhold

Brukar 4 millionar for å sikre SFE

LEIKANGER (NRK): Fylkespolitikarane er livredde for kva som skal skje med "pengemaskina" Sogn og Fjordane Energi i ein ny Vestlandsregion.

Avrøysting i fylkestingssalen

AVRØYSTING: Høgre, Venstre, Frp og MDG nådde ikkje fram med sitt forslag. Eit fleirtal bestemte at aksjane i SFE skal flyttast over i eit holdingselskap.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Eit stort fleirtal i fylkestinget ønskjer å bli del av ein større region på Vestlandet. Men dei vil ha pengane sine for seg sjølv.

Difor var eigarskapen i Sogn og Fjordane Energi sett på sakskartet. Fylkeskommunen eig 48,15 prosent av selskapet.

– Det handlar om store verdiar. Eit kraftverk er eigentleg ei pengemaskin. Frå 2001 og fram til i dag er det kome 1200 millionar kroner i utbytte frå SFE. Vi må sikre desse verdiane i fylket, sa fylkesleiar Sigurd Reksnes i Senterpartiet.

Hallar mot holding

Forslaget frå fylkesrådmannen var at han fekk fullmakt til å flytte aksjane over i eit holdingselskap (slik dei gjorde med Fjord1 i si tid). Og så bruke inntil 4,4 millionar kroner på å leige inn konsulentar som kan rådgje om vegen vidare.

– Frp vil ikkje flytte aksjane inn i eit holdingselskap. I alle fall ikkje før vi skal bruke 4 millionar kroner på å spørje om råd. Det vil stenge mange dører for oss, sa Frank Willy Djuvik.

Stein Malkenes i Miljøpartiet Dei Grøne var samd:

– Er ikkje dette det same vi gjorde i Fjord1-saka? Der medeigaren (Havila) oppfatta det som ein manøver for å omgå forkjøpsretten. Vi bør utsetje holdingselskapet til vi har fått råd om kva som er best.

Fylkespolitikarar i diskusjon

DISKUSJON: Fylkespolitikarane var i tvil om korleis dei best skulle sikre verdiane i SFE. F.v. Jakob Andre Sandal (SV), Sigurd Reksnes (Sp), Frank Willy Djuvik (Frp), Hilmar Høl (Ap), fylkesrådmann Tore Eriksen og Stein Malkenes (MDG).

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Kva seier kommunalministeren?

Det vart også stilt spørsmål om kommunalminister Jan Tore Sanner (H) vil godta at fylkeskommunen prøver å halde verdiar for seg sjølve. Det kommenterte fylkesrådmann Tore Eriksen:

– Vi veit ikkje kva kommunalministeren vil gjere med dette. Vi prøvde å spørje han om det i eit møte. Men vi fekk ikkje noko svar.

Han utdjupa vidare:

– SFE har fått nokre juridiske råd. Og det er leiinga og styret i SFE som har råda oss til å opprette eit holdingselskap. Men eg vil ha dialog med dei juristane vi leiger inn, før eg gjennomfører dette.

Eit fleirtalet med Senterpartiet og Arbeidarpartiet i spissen vedtok at det vart som fylkesrådmannen hadde innstilt.

Fylkesrådmannen tek sikte på å underskrive avtale med konsulentar på nyåret.

Fylkespolitikarar diskuterer på gangen

PÅ GANGEN: Partia hadde gruppemøte på gangen. I forgrunnen står Høgre, Venstre, Frp og MDG. I bakgrunnen står Arbeidarpartiet.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Styreleiar: – Det einaste rette

SFE har, etter kontakt med juristar, råda politikarane til å opprette eit holdingselskap. Per Atle Kjøllesdal, styreleiar i SFE, er trygg på vedtaket.

– Eg er godt nøgd, og ser på vedtaket som det einaste rette.

Kjøllesdal forstår godt at fylkespolitikarane har vore nervøse for kva som skal skje med verdiane til selskapet i ein Vestlandsregion.

– Det er ikkje vanskeleg å forstå at folk er urolege. Vedtaket aleine vil ikkje sikre at verdiane blir i fylket sånn sett, men eg trur politikarane har valt eit nyttig reiskap.