Slik skal dei lokke rike turistar til å legge att millionar

GAULAR (NRK): Fleire rike luksusturistar vil ta turen til Norge, men reiselivsaktør meiner at norsk natur ikkje er nok for å imponere dei som er vande med eit liv i sus og dus.

Turisme

SKREDDARSYDDE TURAR: Denne helga blei 12 amerikanske og britiske reiseoperatørar floge inn til Sogn og Fjordane for å vise dei moglegheitene for luksusreiser.

Foto: THOMAS B.ECKHOFF

– Desse kundane reiser over heile verda og krev eit ekstremt høgt nivå på alt. Då held det ikkje berre å peike på ein fjord, seier Christine Gaffney, som er dagleg leiar og eigar av The Travel Designer.

Luksuriøse lakseturar, dyre mat- og vinpakkar og spektakulære helikopterturar. Turistnæringa siklar etter steinrike turistar som legg att millionar av kroner, men då må reiselivet tilby ein eksklusiv totalpakke, meiner Gaffney.

– Det har skorta på forståing for totalpakken som kundegruppa vil ha. Luksusturistane vil ha private opplevingar utan å trakke i hælane til andre turistar.

Likevel meiner ho at luksusturisme i Noreg er på veg oppover, og at reiselivet er i ferd med å tilpasse seg turistar som er vande med eit liv i sus og dus.

– Tidlegare er dette ei kundegruppe vi ikkje kunne tatt med oss her til lands, fordi vi ikkje har hatt gode nok produkt som ligg på eit internasjonalt nivå. No er det i ferd med å ta seg opp, og vi har blant anna The Thief i Oslo, Villa Åmot i Sunnfjord eller Wolf Lodge i nord.

Christine Gaffney, leiar og eigar av The Travel Designer

PÅ VEG OPPOVER: Christine Gaffney, som er dagleg leiar og eigar av The Travel Designer, meiner Noreg som reisemål for rike luksusturistar er på veg opp.

Foto: Thomas B Eckhoff

Alt må vere av ypparste klasse

Denne helga blei 12 amerikanske og britiske reiseoperatørar floge inn til Sogn og Fjordane for å vise dei moglegheitene for luksusreiser. Dei spesialiserer seg på skreddarsydde turar for reisande som har sett «alt».

Blant desse var Mollie Fitzgerald frå reisebyrået Frontiers Elegant Journeys. Ho har sendt rike amerikanarar til Norge i om lag ti år, og seier at kundane deira har høge krav.

– Dei som bestiller reise gjennom oss er dei som har reist mykje før og som søker opplevingar. Dei har meir pengar enn tid, og vil reise til plassar som ikkje er fulle av andre turistar, seier Fitzgerald.

Reiseoperatørane fekk oppleve både helikoptertur over Jostedalsbreen og eit opphald på Villa Åmot i Sunnfjord. Steinar Sørli, som eig og driv Villa Åmot, seier at dei er opptatt av å gi gjestane ei unik oppleving.

– Kortreist mat av ypparste klasse, kulturopplevingar, historieforteljing, eit varmt vertskap, og naturopplevingar i eit storslått landskap utan andre turistar må vera på plass, seier han.

Steinar Sørli som eig og driv Villa Åmot

AUTENTISK: Steinar Sørli driv og eig Villa Åmot. No satsar dei endå hardare på å lokke til seg turistar og då spesielt frå USA. – Vi vil gje våre gjestar den autentiske og ekte opplevinga.

Foto: Thomas B Eckhoff