Hopp til innhold

Slik skal dei heie på Oselie (14)

I Oslo kunne ein sjå eit noko spesielt og uvanleg syn i føremiddag. 500 nordfjordingar hadde nemleg samla seg i Spikersuppa.

På plass i Oslo for å heie på Oselie Henden

BLIKKFANG: Med kvite plakatar viste nordfjordingane godt igjen i Oslo sentrum i ettermiddag.

Foto: Janne Endal Andersson

– Her i Oslo er det fullt av ville fjordingar. Eg ser kjentfolk uansett kor eg snur meg. Det er både innflytta og utflytta nordfjordingar. Dette er verkeleg ei spesiell oppleving og heilt magisk, seier Janne Endal Andersson.

Tidlegare i veka hadde ho lagt ut ei melding på Facebook om at alle nordfjordingar i Oslo kunne møte i Spikersuppa kl. 12 til eit kickoff. For i kveld står nemleg Oselie Henden (14) frå Eid på scena i Telenor Arena i MGPjr-finalen.

– Vi var spente på om det kom nokon, men då eg kom gåande ti på tolv, såg eg berre kjentfolk uansett kvar eg snudde meg.

MGPjr 2017 Finalist

PÅ SCENA I KVELD: Songen som Oselie Henden skal opptre med i Telenor Arena i kveld, heiter «Verda vår». Ho blei inspirert av flyktningkrisa til å skrive songen.

Foto: Ole Kaland / Ole Kaland, NRK

No ladar heile heiagjengen opp til kvelden, for når Oselie går på scena i kveld, får ho støtte frå eit hav av nordfjordingar.

– Det er seld 350 T-skjorter med Oselie på. Vi har 500 Oselieplakatar i kvitt. Ser ikkje folk oss, så kjem dei garantert til å høyre oss, ler Endal.

Oselie er ikkje den einaste frå Eid som fram på scena. Ho får selskap av Vilde og Anna som vann fjorårets finale. Dei skal mellom anna skal dele ut pris til årets vinnar.

–– Det blir ei heilt fantastisk og spesiell stemning. I fjor var det Nordfjord og Eid som løfta stemninga i Oslo, og det blir garantert ikkje verre enn i fjor, lovar Endal.

I Oslo for å heie på Oselie Henden

HEIA OSELIE: Det er ikkje tvil om kven desse skal heie på i kveld.

Foto: Odd Helge Henden

Sjå finalen i nett-TV eller på NRK1 frå kl. 19:55.

Finalefesten til MGPjr kan endelig starte. 15 000 publikummere er på Telenor Arena for å heie fram de 10 finalistene som er blitt plukket ut av 1255 innsendte bidrag. Et halvt år med musikkinnspilling, leirskole og mye øvelse skal nå endelig bli vist fram i det direktesendte TV showet. De sprudlende programlederne Nicolay Ramm og Mikkel Niva bidrar med morsomme innfall.

SJÅ FINALEN DIREKTE: Sjå sendinga i nett-TV eller på NRK1 frå kl. 19:55 i kveld.