Hopp til innhold

Slik skal dei heie fram brødrene Bø

Milevis unna OL-byen Sotsji samlar bygdefolket i Stryn seg for å følgje sine lokale heltar. Med to blad Bø til start på dagens sprintøving er sjansane for edelt metall absolutt til stades.

Bygda har samla seg for å heie fram brødrene Bø

HAR SAMLA SEG: I Stryn har bygdefolket samla seg for å heie fram dei lokale heltane, veslebror og storebror Bø.

Foto: Roger Vik

– Vi har jo lov til å håpe på medaljar, og med to lokale skiskyttarar til start har vi dobbelt så store sjansar på medalje som andre, gliser Monica Halsteinslid som er leiar i skiskyttargruppa i Markane idrettslag.

Der har Tarjei Bø og Johannes Thingnes Bø nærast heltestatus, og når dei går ut frå start i den første skiskyttarøvinga i Sotsji-OL er det til stormande jubel frå heimbygdingane.

Til klubbhuset på Ullsheim har idrettslaget invitert både skiskyttergruppa og andre idrettslagsmedlemmer, og for den saks skyld heile bygda. For det kan bli fest når veslebror og storebror kjempar om medalje.

– Vi synest det er mykje kjekkare å vere i lag i staden for at alle skal sitte heime i kvar si stove. Det blir mykje meir samling om vi samlast, for det er klart vi vil følgje våre eigne, seier Halsteinslid.

Der bur skiskyttargruppa seg på spennande veker. Om det blir medaljar til dei lokale heltane allereie i dag, håpar dei på. Men i skiskyting er det mykje som kan skje.

– Dei må ha dagen, seier Halsteinslid som vedgår at det er litt vanskeleg å spå med skiskyting.

Men det gjekk slett ikkje vegen for dei lokale heltane frå Stryn. Både veslebror og storebror skaut seg heilt ut av medaljekampen. Med tre bom vart det til slutt ein 39. plass for Tarjei Bø, medan Johannes Thingnes Bø med sine fire bom til slutt enda på 55. plass.

Ole Einar Bjørndalen vann sitt tredje OL-gull på distansen.

Frå vesntre, Håvard Tonning, Kari Alsaker og Ida Mari Haugen

HEIAGJENG: Frå venstre Håvard Tonning som er skiskytter, Kari Alsaker som er skiskytter og Ida Mari Haugen som er ekte supporter.

Foto: Roger Vik