Hopp til innhold

Slik skal dei gje pasientane endå betre helsehjelp

Pasientane som treng mest hjelp skal få tettare oppfølging. Eid er ein av ni kommunar der fastlegane skal jobbe tett med sjukepleiar og helsesekretær med mål om å gje betre hjelp.

Kommunelege i Eid, Thomas Vingen Vedeld, her saman med ordførar Alfred Bjørlo (V)

SPENTE: Kommunelege og fastlege Thomas Vingen Vedelv og ordførar Alfred Bjørlo (V) er svært glade for at Eid er med i pilotprosjektet. - Eg trur dette kan sette Eid og Sogn og Fjordane på kartet, og blir til nasjonale løysingar, seier Bjørlo.

Foto: Privat

– Målet er å utvikle ei ordning der fastlegen jobbar i team for å gje pasientane som har dei mest komplekse og samansette tenestebehova eit godt tilbod, seier kommunelege og fastlege i Eid, Thomas Vingen Vedeld.

Kommunane Eid og Flora er to av ni kommunar på landsbasis som er plukka ut til å vere med i pilotprosjektet med såkalla primærhelseteam. Helsedirektoratet håpar piloten skal leggje til rette for meir teamarbeid og nye arbeidsmåtar, slik at ressursane i helse- og omsorgsteneste kan bli utnytta betre.

– Vi får ei stadig eldre befolkning, og stadig fleire med samansette behov for hjelp. Då må vi leite etter nye modellar for korleis vi kan utnytte ressursane på tvers, seier Vingen Vedeld.

Fleire å dele oppgåvene med

Pilotprosjektet går over tre år, med oppstart i april neste år. Vingen Vedeld seier dei aller fleste i Eid vil halde seg til fastlegen som før, medan det typisk vil vere pasientar med kroniske sjukdommar som opplever ei endring.

– Det kan til dømes vere pasientar med kols, diabetes, pasientar med psykiske helseutfordringar, rusmiddelbruk, eldre med samansett sjukdomsbilete eller pasientar med utviklingshemming og funksjonsnedsetjingar.

Sjukepleiarane som er knytt opp til primærhelseteama skal samarbeide med alle fastlegane i kommunen. Dei skal med sin kompetanse kunne løyse ein del av dei oppgåvene som fastlegen gjer i dag, til dømes ein del kontrollar eller råd om justering av behandling, fortel Vedeld.

– Sjukepleiarane og helsesekretærane tek over nokre oppgåver. Det betyr kanskje at eg kan spisse bruken av min kompetanse opp mot enkelte problemstillingar. Hensikta er å skape betre og meir koordinerte helsetenester, understrekar han.

Skal få hjelp der dei er

Som den einaste av dei elleve kommunane skal Eid også teste ut såkalla «avstandsoppfølging av pasientar». Denne delen av prosjektet handlar om å utnytte teknologien for å gje folk betre helsetenester der dei er.

– Dette kan til dømes vere overvaking av folk si helse, ved at dei rapporterer inn data om helsa si som dei måler sjølv. Eller at dei har digital kontakt med legen eller andre deler av primærhelseteamet via skjerm, seier Vingen Vedeld.

Ordførar Alfred Bjørlo (V) i Eid er begeistra for prosjekta.

– Dette med å gje helsetenester ute i heimane, med nye digitale løysingar, det trur eg det blir meir og meir av. Dette har vore testa ut i store byar, men det hastar å få testa det ut i distrikta. Det er her avstandane er størst, og det er her vi treng avstandsoppfølgingstenester mest.