Det er eit omfattande arbeid som no er i gang ved Hovefossen i Naustdal. Elva Nausta har blitt demma opp med store sandsekkar øvst i fossen, og mannskap var i dag på plass for å støype i forskalingane som er laga.
– Dette gjer vi for å leie vatn inn i laksetrappa, forklarar Eiliv Erdal.
Han er leiar i Nausta Elveeigarlag og administrerer arbeidet.
– Laksetrappa har vore ute av funksjon av dei to siste åra, og har fungert dårleg dei sju-åtta åra før det, seier han og fortel at med arbeidet håpar å gjere elva meir attraktiv for laksefiskarar.
Håpar å få meir fisk opp i trappa
Elva Nausta renn gjennom Naustedalen og har utløp i Førdefjorden. Med sine 12 kilometer med lakseførande elv er den flittig besøkt av sportsfiskarar, og av mange vert den rekna som ei av dei beste lakseelvene i Norge.
Men etter at inntaket i laksetrappa ved Hovefossen berre har blitt stadig dårlegare, og for eit par år sidan svikta heilt, har det blitt lite laks på oppsida av fossen.
– I det siste har det berre vore på enkelte vasstandar at laksen kan gå i trappa.
– Men med ei utbetring av inntaket blir det lettare å regulere vasstanden i trappa, og då kan vi få fisken til å gå opp i elva i større delar av sesongen, forklarar Erdal.
(Artikkelen held fram under biletet)
Må ut med 300.000 kroner
Prislappen for reparasjonane på inntaket til laksetrappa var først på vel 150.000 kroner. No er den blitt til det doble.
– Det ser ut til at vi snakkar om bortimot 300.000 kroner i kostnader. Vi har fått ein del midlar frå Norsk Villaksforsking som har gitt oss 100.000 kroner, medan Sunnfjord Energi har bidrege med 50.000 kroner. Så må vi også bruke ein del pengar frå elveeigarlaget, fortel Erdal.
Han er uansett ikkje i tvil om at arbeidet som no blir lagt ned vil vere verdt det.
– Effekten vil bli at vi får sikrare vassføring i trappa, og dermed ein jamnare oppgang av laks. På den måten er det meir sikkert at sportsfiskarane kan få laks også ovanfor fossen, seier Erdal.
Han seier dette er avgjerande om grunneigarar frå Hovefossen og inn til Kalland skal kunne leige ut fiske i elva med godt samvit.
(Artikkelen held fram under biletet)
– Dei har vore skjult av vår herre i lang tid
I samband med arbeidet har det også dukka opp nokre jettegryter som kanskje aldri har vore synlege før.
– Du ser dei ligg heile vegen oppover, seier Erdal og peikar på nokre glatte groper i steinen i elva.
Jettegryter er glatte og ofte sylinderforma groper som oppstår ved at stein og grus blir sett i bevegelse under isen i ei breelv.
– Det er litt artig å sjå elvebotnen som har vore skjult av vår herre i lang tid. Det er ein masse små jettegryter her som vi ikkje har sett før.
– Det er fascinerande. Vi har fleire større jettegryter lenger nede i fossen, men desse har vi ikkje sett før, seier han.